Konsulent
Helse Bergen
- Frist 18.11.2024
- Ansettelsesform Fast
Konsulent
Eining for behandlingshjelpemiddel har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling.
Eininga er organisert med to seksjonar, Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Du kan lese meir om oss: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/driftteknisk-divisjon/medisinsk-teknisk-avdeling/behandlingshjelpemiddel/
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide nært med Einingsleiar, Stab, Controllar og Rekneskapsavdeinga
- Fakturering mot andre Helseføretak i regionen og nasjonalt
- Rapportering og oppfølging av betalingsfristar
- Bokføring og rekneskap, sørge for at kostnader blir bokført riktig konto
- Nøyaktig datahandtering, kontroll og godkjenning av faktura/rammeordrer
- Bidra til prosessforbetringar
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid og sørge for god kommunikasjon med tilsette og andre interessenter
Kvalifikasjonar
- Økonomi og rekneskap - fagbrev i kontor- og administrasjonsfag
- Relevant vidareutdanning er ønskeleg, men lang erfaring frå rekneskapsarbeid kan vege opp for manglande vidareutdanning
- Kurs i reknenskap og økonomiske systemer, SAP, Medusa etc.
- Må ha gode IKT- kunnskapar, god forståing for Excel
- Kunnskap om rekneskap og økonomiske prinsipp
- ERP- og fakturahandteringssystem
- Nøyaktigheit og detaljorientering
- Kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Evne til å handtere tidspress og fristar
- Etisk og profesjonell integritet
Personlege eigenskapar
- Nøyaktigheit og detaljorientering
- God forståing for rekneskapsprinsipp
- Analytiske ferdigheiter, evne til å analysere rekneskapsdata for å identifisere avvik og feil
- Integritet og ansvarsfølelse
- Evne til å følge reglar og prosedyrar
- Strukturert og organisert i ditt arbeid
- Gode IT-ferdigheiter, erfaring med ERP-program (SAP)
- Ha gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald
- Fleksibel arbeidsordning
- God pensjons- og forsikringsordning i KLP
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
konsulent, økonomi, regnskap, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380473127
- Sist endret