Rådgjevar/seniorrådgjevar - beredskap
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med samfunnstryggleik og beredskap?
Om stillinga
Vi har ledig to faste stillingar innan beredskap, ved kontoret vårt på Leikanger.
Statsforvaltaren har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i Vestland fylke, og skal vere ein pådrivar og rettleiar for dette. Kontakten med kommunane er sentral, og vi skal særleg rettleie og drive tilsyn med oppfølginga av beredskapsplikta til kommunane. For tida er utviklinga av det lokale og regionale totalforsvaret ei viktig arbeidsoppgåve.
Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar, og beredskapsseksjonen høyrer til under kommunalavdelinga. Seksjonen har eit breitt spekter av oppgåver, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med interne beredskapsfaglege oppgåver
- Utvikling av det lokale og regionale totalforsvaret
- Oppfølging av kommunal beredskapsplikt gjennom rettleiing og tilsyn
- Analysar av risiko og sårbarheit
- Planlegging og gjennomføring av øvingar
- Evaluering og erfaringslæring etter øvingar og reelle hendingar
- Oppfølging av samfunnstryggleik i kommunal planlegging
Du vil vere ein del av kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren, og ei eventuell vaktordning. Andre oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap kan òg vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Minimum treårig utdanning frå høgskule/universitet med relevante fag, gjerne innan samfunnstryggleik (søkjarar med kortare utdanning vert òg vurdert, viss utdanning og praksis er særleg relevant for stillinga)
- Erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå kommunal sektor, og/eller arbeid med samfunnstryggleik og beredskap
- Må kunne tryggleiksklarerast
- Førarkort minimum klasse B
- God brukarkunnskap innan IKT
Personlege eigenskapar
- Gode formidlings- og samarbeidsevner
- Innsatsvilje
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og effektivt
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380575550
- Sist endret