2024/06- To juristar - vikariat
Statens helsetilsyn
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
2 ledige vikariat for juristar
Statens helsetilsyn jobbar for at befolkninga skal ha gode og trygge helse-, sosial- og barneverntenester når dei treng det. Vi skal styrke tryggleiken og kvaliteten i tenestene, gjennom tilsyn, rådgiving og behandling av klager. Derfor er vi opptekne av at tilsynet endrar seg, i takt med utviklinga i samfunnet og i tenestene. Hos oss får du meiningsfulle oppgåver og dyktige og hyggelege kollegaer med bakgrunn frå helsefag, jus og samfunnsfag.
Vi har nå to ledige vikariat for juristar med varigheit i eit år som følge av foreldrepermisjonar. Hos oss vil du få høve til å bli kjent med faglege problemstillingar på tvers i organisasjonen og det viktige samfunnsansvaret vi har.
Den eine stillinga er for tida med teneste i Avdeling for tilsynssaker og klager i helse- og omsorgstenesta. Avdelinga har ansvaret for behandling av enkeltsaker som gjeld helsepersonell og verksemder. Avdelinga har òg overordna ansvar for rettsklager og tvang og makt. Vi søker ein jurist som er samfunnsengasjert og som har interesse for helserett. Det er òg fint om du har interesse for digitalisering.
Den andre stillinga er for tida med teneste i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta. Avdelinga har mellom anna ansvar for planlagt tilsyn med barnevern, sosiale tenester i Nav, spesialisthelsetenesta og med den kommunale helse- og omsorgstenesta. Vi søker ein jurist med interesse og engasjement for gode barneverntenester.
Vi ber om at du oppgir kva stilling du søker på, eller om du søker på begge stillingane.
Arbeidsoppgåver
Vikariatet som rådgivar i Avdeling for tilsynssaker og klager i helse- og omsorgstjenesta:
- behandle tilsynssaker knytt til helsepersonell og verksemder i helse- og omsorgstenesta
- bidra i utviklinga av vårt arbeid med tilsynssaker og klager
- det kan òg bli knytt andre oppgåver til stillinga
Vikariatet som rådgivar/seniorrådgivar i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta:
- bidra i utvikling av tilsyn på barnevernområdet
- behandle klagesaker og innsynskrav på barnevernområdet
- det kan òg bli knytt andre oppgåver til stillinga
Nødvendige kvalifikasjonskrav
For å vere kvalifisert for vikariatet som rådgivar i Avdeling for tilsynsaker og klager i helse- og omsorgstenesta må du ha:
- master i rettsvitskap og godt juridisk skjønn
- god kjennskap til forvaltningsrett
Ønskede kvalifikasjonar:
- relevant arbeidserfaring
- kjennskap til helserett
- kjennskap til tilsyn
For å vere kvalifisert for vikariatet i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta må du ha:
- master i rettsvitenskap og godt juridisk skjønn
- god kjennskap til forvaltningsrett
Ønskede kvalifikasjonar:
- relevant arbeidserfaring
- kjennskap til barnevernloven
- kjennskap til tilsyn
For å være kvalifisert som seniorrådgivar i Avdeling for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetenesta må du i tillegg ha:
- lang og relevant arbeidserfaring
- kjennskap om barnevernlova og korleis barnevernet er organisert i Noreg
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er positiv, fleksibel, med stor arbeidskapasitet og ei løysingsorientert haldning.
Du må:
- ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- ha evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta, og ha god gjennomføringsevne
- ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
- vere nysgjerrig og lærevillig
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn som rådgivar i spennet kr. 540 000 - 640 000 / lønn som seniorrådgivar i spennet kr 670 000 - 800 000.
Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Statens helsetilsyn har sentrale lokale i Oslo med eiga kantine, sykkelgarasje med garderobe, og trimrom som det er høve til å nytte ein time per veke i arbeidstida.
Den statlege arbeidsstokken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Målet er derfor å oppnå ei balansert samansetting når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og at det blir lagt til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Statens helsetilsyn er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA). Dersom det er kvalifiserte søkarar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 0179 Oslo
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
tilsyn, helserett, barnevern
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380580891
- Sist endret