Rådgiver/seniorrådgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Ledig stilling innan innovasjon i høgare utdanning
Om stillinga og avdelinga
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i avdeling for innovasjon i utdanning.
Vi søkjer etter ein medarbeidar i 100 % stilling som ønsker å jobbe med kvalitetsutvikling, forvalting av forskrifter og regelverk i høgare utdanning og som likar å jobbe med nettverksaktivitetar og deling av kunnskap.
Avdeling for innovasjon i utdanning er ein del av divisjonen høgare utdanning og forsking. Vi jobbar blant anna med å fremje livslang læring og fleksibel utdanning som bidrar til å gi lærande kompetanseheving uavhengig av bustad og livssituasjon. Samtidig har vi forvaltningsoppgåver knytt til forskrifter og regelverk. Vi ser etter deg som har gode analytiske evner og som har kunnskap om profesjonsutdanningar, kvalitetsarbeid i høgare utdanning og gjerne forskriftforvaltning. Vi samarbeider med universitets- og høgskolesektoren (UH-sektoren) gjennom ulike fora, og det er derfor viktig med gode samarbeidsevner og god kjennskap til UH-sektoren.
Vi jobbar i team, og på tvers av avdelingar og lokasjonar. Avdelinga består i dag av 14 medarbeidarar. Den utlyste stillinga vil ha kontorstad i Tromsø, og ha oppstart etter avtale.
Noko reising må påreknast.
Abeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- saksbehandling
- tilskotsforvaltning og rapportering
- nettverksarbeid og arrangering av møteplassar
- kunnskapsutvikling
- utgreiingsarbeid
regelverks- og forskriftsforvaltning
Andre oppgåver kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på masternivå, eller tilsvarande realkompetanse i fag som er relevant for arbeidsområda til avdelinga
- erfaring frå offentleg forvaltning
- kunnskap om kvalitetsarbeid i UH-sektoren
- erfaring frå analytisk arbeid
- gode ferdigheiter i norsk, munnleg og skriftleg
- relevant arbeidserfaring
Det er i tillegg ein fordel med:
- kjennskap til fleksible utdanningsformer og livslang læring
- kjennskap til helse- og sosialfagutdanningar
- erfaring frå regelverksforvaltning
Vi søkjer deg som:
- er god til å arbeide sjølvstendig og nøyaktig
- er analytisk
- har gode evne til samarbeid og bygge relasjonar
Hos oss får du:
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- moglegheit for fagleg utvikling
- jobb i moderne kontorfellesskap med faglege dyktige kollegaer
- ein fleksibel arbeidstidsordning
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- godt tilrettelagte lokale i Tromsø sentrum
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- rådgjevar/seniorrådgjevar med ei årslønn mellom kroner 580 000 og 760 000, for særskild godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten). Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Om arbeidsgiveren
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her www.hkdir.no
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Strandgata 8, 9008 Tromsø
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Saksbehandler
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380591127
- Sist endret