Prosjektleiar
Helse Bergen
- Frist 10.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Prosjektleiar
Teknisk avdeling i Helse Bergen søker etter ein dyktig prosjektleiar til 100% fast stilling i Eigedomseininga. Eigedomseininga har mellom anna ansvar for prioritering og iverksetting av Teknisk avdeling si investeringsportefølje, vedlikehaldsplanlegging- og styring, samt forvalting av teknisk dokumentasjon.
I eit operativt sjukehusmiljø er det avgjerande med effektiv prosjektstyring for å sikre optimal og rasjonell bruk av offentlege midlar. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og vil i løpet av 2025 starte innføring av nytt FDVU-system som vil gje eit betre planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver, i tillegg til prosjektaktivitetane våre.
Teknisk avdeling har det bygningsmessige ansvaret for drift og vedlikehald, samt for sjukehusets tekniske infrastruktur, uteområde og drift og vedlikehald av ein del produksjonsutstyr.
Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass som igjen er med på å gje best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du anledning til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.
Arbeidsoppgåver
- Leie investerings- og driftsprosjekt
- Økonomi- og fremdriftsstyring
- Rapporteringsansvar
- Bistå med å utvikle arbeidsmetodar og IKT verktøy
- Bistå med prosjektrelaterte prosedyrar og prosjektplanlegging
- Bistå med utvikling av prosjektmetodikk og prosjektmodell
- Bistå med prosjektplanlegging
- Reklamasjonshandtering
- Andre oppgåver som tilfell eininga
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring innanfor bygningsteknisk prosjektleiing
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Minimum 3 årig høgskule-/universitetsutdanning er å føretrekke, anna relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Kjennskap til SHA er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids- og diplomatiske evner
- Du har økonomiforståing
- Du har fleirfagleg teknisk innsikt
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du set deg raskt inn i nye system og prosessar
- Du arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø i nyoppussa moderne lokaleø
- Fagleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 89, 5053 Bergen
- Bransje: Bygg og anlegg, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder, bygningsteknisk prosjektedelse, bygningsteknisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380591643
- Sist endret