Er du sjukepleiar eller vernepleiar og vil arbeida med personer med demenssjukdom?
Time kommune
- Frist 01.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og vil arbeida med personer med demenssjukdom?
Me har ledig ein fast 100% stilling som sjukepleiar på Sivdamheimen 1. etasje, demensavdelinga. Me ønsker deg som vil vera med på vårt lag for å spreia glede og god omsorg til personar med demens. Stillinga er 100 % fast med dag- og kveldsvakter samt kver 3.helg. I 2026 vil det bli oppstart med årsturnus i avdelinga, og du vil her kunne vera med å påvirke din eigen turnus.
Sivdamheimen ligg i sentrum av Bryne og har kort avstand til buss-/togstasjon. Me har tre fløyar fordelt med sju pasientar på kvar fløy. Me er ein fin gjeng tilsette som har plass til fleire. Me jobber aktivt for å kunne gje pasientane våre ein tilrettelagt kvaradag med best mogleg livskvalitet.
Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet, brukarmedverknad. Me har også ein god dose med både humor og galskap!
Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet i tillegg til at me har eit tett samarbeid med demenskoordinator i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid og rettleiing- Dokumentasjon er viktig, derfor må du ha gode datakunnskapar. Me bruker Profil som journalprogram
- Du må lika å arbeida både sjølvstendig og i team
- Du liker utfordrande arbeidsoppgåver med særleg fokus på miljøarbeid for pasientane
- Pleie- og omsorgsoppgåver
Kvalifikasjonar
- autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2)
- gode datakunnskapar
- erfaring med og jobba med personar med demens
- har gode kommunikasjonsferdigheiter
- tar initiativ og kan jobba i team
- er engasjert i faget og interessert i ny lærdom
- er ansvarsbevisst og fleksibel
- har evne til godt samarbeid på tvers av faggrupper
- har evne til å delegera og prioritera oppgåver
- har godt humør
- personleg eigenhet vert vektlagt dersom fleire aktuelle søkare
- politiattest må kunna leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrvika 12, 4344 Bryne
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, demensavd, institusjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 380609441
- Sist endret