Bildegalleri

Velkommen til Fjellstøyl!

Åmdals Verk

Hylebu /​ Tokke, FJELLSTØYL. Koseleg, lita retrohytte med gode solforhold

Kart med kartnålHylebuvegen 499a, 3882 Åmdals Verk
Prisantydning490 000 kr
Fellesgjeld
0 kr
Prisstatistikk

Nøkkelinfo

Beliggenhet
På fjellet
Boligtype
Hytte
Eieform
Eier (Selveier)
Tomteareal
596 m² (eiet)
Bruttoareal
37 m²
Byggeår
1960
Soverom
1
Meter over havet
663

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Peis/Ildsted
Utsikt
Fiskemulighet
Turterreng

Visning

Visning etter avtale

Om eiendommen

Fjellstøyl ligg sørvendt med gode soltilhøve. Med berre 60 meter ned til Hylebuhylen og kort veg til Gausbu, er det gode fiskemoglegheiter. Terrenget rundt er skrint, med enkle furutre. Fint turterreng og eit roleg hytteområde.

Hytta inneheld ei lita stoge/kjøkken med vedovn, samt eit lite soverrom og ein krypkjellar. Ute er det overbygd inngongsparti med vedbod og eit lite biotoalett.

Dette er ei lita hytte, svært enkel, på ei fin tomt med moglegheiter for utviding av hytta.
Moglegheit for tilkopling til straum, og terreng egna for bilveg fram
Er ein opptatt av lite fotavtrykk/enkel livstil kan hytta nyttast som den er.

Dette er ei orginal lita retrohytte, 60-tals - med sjel.

Adkomst

Eigedomen ligg på nordsida av Hylebuhylen. Adkomst er frå fylkesvegen mellom Åmdals verk – Skafså kyrkje og vidare på ein privat veg, ca 7 km. Det er sti, ca 100 meter, fram til hytta.

Den private vegen ein nyttar er ein veg som gjeng til Hylebu og Gausbu dam.
Denne er vedlikehalden av Skafså Kraftverk ANS, og ein har bruksrett til denne mot ei årleg avgift på pt ca. kr 500,-. I seinare tid har vegen blitt vinterbrøyta, og dette er eit spleiselag i høve kostnad.

Beskaffenhet

Hytta ligg på flat fjellgrunn og med ein betongsteinmur med ein krypkjellar - pillarar under vindfang.
Dimensjonering av reisverk/bjelkelag frå det som var krav/typisk på den tid (1960). Det gjeld vel og isolasjon utan at ein kan stadfeste det - ikkje etter dagens krav.
Vindaugo er enkle og er ein del nedslitt . Bølgeblikktaket har ein del rust og bør behandlast.
Kledning er ein del målingslitt og på vestvegg er det liten avstand mellom bord/terreng. Bør sjå på endebord ved synfaring.
Det er ikkje montert takrenner, og dette er negativt for endebord på sørvegg.
Det er krypkjellar under hytta og via kjellarlem er det grei adkomst for inspeksjon

Hytta er autentisk med tidstypisk innreinad, og har hatt normalt vedlikehald.

Standard

VATN/SANITÆR
Ein må hente vatn frå Hylebuhylen ca 60 m. Ingen avløp i hytta.
Det er ein enkel formoldingsdo med eit tett kammer/bøtte (svært lite volum).

OPPVARMING
Det er enkel vedovn for oppvarming. Pipe/brannmur er oppgradert i seinare tid med ny pipehatt

Vesentlige opplysninger

Det ligg ei nabohytte med avstand 20 m. Dette var opprinneleg ei tomt på 1 da med to hytter.

Tomta er delt, og no i 2024 nyoppmålt til 596,7 m2 til 138/8.

Salgsoppgaven beskriver vesentlig og lovpålagt informasjon om eiendommen

Se komplett salgsoppgave

Beliggenhet

Kart med kartnålHylebuvegen 499a, 3882 Åmdals Verk

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Annonseinformasjon

FINN-kode380827559
Sist endret19. nov. 2024 10:50

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.