IKT-teknikar/sikkerhetskonsulent
IKT-Nordhordland
- Frist 4.12.2024
- Ansettelsesform Fast
IKT-teknikar/sikkerhetskonsulent
I stillinga som IKT-teknikar vil du møta eit breitt spekter av utfordringar, frå enkel teknisk problemløysing til avanserte datatekniske utfordringar.
IT-sikkerheit er eit område som omfattar mykje av det vi jobbar med. Vi ønskjer at du som søkjer har god erfaring i å jobbe med IT-sikkerheit og vi har ønskje om at du skal bidra til vår vidare utvikling av og fokus på området.
I nokre tilfelle skal du snakka med, forstå og hjelpa brukarane våre, som omfattar alt frå dei mest rutinerte til dei som knapt har brukt ein PC eller smarttelefon. Du må kunna høyra etter og bruka dine gode praktiske ferdigheiter til å løysa problema dei opplever. I andre tilfelle må du finna ut av problemstillinga sjølv, t.d. ved feilsøk i nettverk eller på lokale serverrom.
Vi ønskjer at du har:
· God kunnskap om og interesse for IKT
· God kjennskap til NSM sine grunnprinsipp og erfaring med implementering av desse
· Dokumentert erfaring frå liknande arbeid
· Evne til å arbeida strukturert og målretta
· Tekniske ferdigheiter og god forståing av aktuelle teknologiar
· Analytiske ferdigheiter og erfaring i å identifisere og vurdere risiko
· Evne til / interesse for kontinuerleg fagleg utvikling
· God kommunikasjonsevne
· Tålmodighet og godt humør
· Relevant utdanning på bachelor-nivå er ønskjeleg, men ikkje noko absolutt krav
Vi kan tilby:
· Løn etter avtale
· God pensjonsordning i KLP
· Eit uformelt, men til tider hektisk arbeidsmiljø
· Gode utviklingsmulegheiter
Høyrest dette interessant ut? Send inn søknad til post@iktnh.no, men ta gjerne kontakt med dagleg leiar Thomas Rønn-Aar for nærare informasjon. Vi oppfordrar spesielt kvinner om å søkja på stillinga.
Om arbeidsgiveren
IKT Nordhordland er eigd av 12 kommunar, frå Sveio i sør til Gulen i nord, og har ansvar for drift av alle IKT-system i desse kommunane. Fleire kommunar ønskjer å vera med i samarbeidet, og vi reknar såleis med å veksa ytterlegare i åra som kjem. Nærare informasjon om oss finn du på iktnh.no.
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Hagellia 6, 5914 Isdalstø
- Bransje: IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, IT-sikkerhet, IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ikt-sikkerhet, sikkerhetsrisikoer for ikt-nettverk, it - nettverksadministrasjon, ikt-infrastruktur, nettverk (ikt)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381072217
- Sist endret