Grafisk designar / marknadsmedarbeidar
Suldalsposten
- Frist 6.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Grafisk designar / marknadsmedarbeidar
Ønskjer du deg ein spennande arbeidsplass med givande og utfordrande arbeidsoppgåver i avisa vår, som blei heildigital 1. juli i år? Då er du hjarteleg velkommen til å søkja hjå oss.
Me treng deg som blir trigga av at ingen dagar er like og som er i stand til å hiva deg rundt, samtidig som du beheld oversikta i ein tidvis travel kvardag.
Me søkjer deg som har:
- Bachelorgrad innan Grafisk design, Visuell kommunikasjon, eller liknande. Relevant erfaring kan kompensera for utdanning
- Erfaring med digital design og produksjon, gjerne også bevegelege bilde, animasjonar og videoinnhald til digitale flater
- Gode ferdigheiter i Adobe Creative Cloud program som Photoshop og InDesign
- God forståing for optimalisering av design for ulike plattformar og format
- Kreativ med god formsans og godt språk
Dine arbeidsoppgåver:
Dei vil vera varierte, alt frå sal til produksjon av grafisk innhald til nett og trykksaker, oppfølging av annonsørar og abonnentar, og marknadsføring på SoMe. Kort sagt, me ønskjer oss deg som har lyst på ein variert jobbkvardag.
Me tilbyr:
- Konkurransedyktig lønn
- God pensjons- og forsikringsordning
- Godt miljø og trivelege arbeidskollegaer
- Ein spennande og utviklande arbeidsplass
- Utfordrande og varierte arbeidsdagar
- Fleksibel arbeidstid og høve til å vera med på å forma din eigen arbeidsplass i inntil 100% stilling
Gir denne utlysinga godkjensla og lyst til å jobba hjå oss, håpar me du søkjer.
- Sektor: Privat
- Sted: Nordenden 2, 4230 Sand
- Bransje: Markedsføring og annonsering, Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Grafisk, Kontor og administrasjon, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
grafisk design, utforming av digitalt innhold, adobe creative cloud, reklame markedsføring grafisk produksjon (bransje), annonseproduksjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381086713
- Sist endret