Prosjektarbeider "Opne møteplasser for ungdom"
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Prosjekt
Prosjektarbeider "Opne møteplasser for ungdom"
Brenner du for at kyrkja skal ha opne møteplassar som tek ungdom på alvor?
Os kyrkjelyd har ledig ein spennande prosjektstilling som skal jobbe med nettopp dette!
Stillinga er 40% og varar i tre år, med oppstart så snart som mogleg i 2025.
I denne jobben er du med å møte ungdom på vekefaste arrangement (onsdags ettermiddag/kveld) og sporadisk andre dagar (gjerne fredag eller søndag) opp i mot arrangement kyrkjelyden inviterer til. Du møter ungdommane "der dei er" i sine liv, med eit særskild fokus på tilrettelegging, oppfølging og relasjonsbygging. Slik skapast rom for tillit, samtale, kjensle av å høyre til og vere velkomen.
Gjennom Bufdir sin ordning «inkludering av barn og unge» har soknet fått støtte til å styrke fagkompetansen på relasjonsbyggande arbeid med ungdommar. Vi ynskjer å bygge gode sosiale arenaer som alle unge i Os kjenner seg velkomen til, uavhengig av bakgrunn. Stikkord som regelmessigheit, valfridom, tryggleik og tillit er viktig for oss. Vi ynskjer å gje denne stillinga ei rolle i miljøskapande aktivitet, i tillegg til å ha tid til samtale og oppfølging av den enkelte der det er naudsynt og naturleg. Tilbodet til ungdom er noko vi stadig jobber med å utvikle og forbetre, så her vi du òg kunne vere med å utforme og vidareutvikle kva og når vi inviterer til fellesskap. Og du er ikkje åleine! Eit team av kolleger og engasjerte frivillige bidreg til eit stort og mangfaldig arbeid som du blir ein viktig del av.
Os ligg i Bjørnafjorden kommune, om lag 30 km sør for Bergen. Bergen sentrum er om lag 25 minutter unna med bil. Os er eit lokalsamfunn i vekst og kyrkjelyden i Os har fleire godt besøkte tilbod for tweens og ungdom, gjerne i kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter. Ungdomsarbeidet har sin eigen gruppering kalt «Ungdomstunet» og er mellom anna involvert i Tensing-kor, KRIK-tilbod, leirar og leiartrening. Det er årleg mellom 140 og 170 konfirmantar i soknet. www.ungdomstunet.net
Os sokn sin visjon er «Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen».
Vi ser etter deg som lett snakker med ungdom og arbeider godt i team med både kolleger, foreldre og frivillige. Du er kanskje utdanna innan diakoni, sosialfag, helse eller pedagogikk. Fyrst og fremst har du engasjement for og erfaring med ungdom, og identifiserer deg med Den norske kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
Os sokn har frå før 11 tilsette (dagleg leiar, to konsulentar, frivilligkoordinator/konsulent, diakon, kateket, barne- og familiearbeidar, kyrkjelydspedagog, ungdomsleiar, kantor og organist). Det er tre prestestillingar: sokneprest, kapellan og prostiprest. I tillegg kjem driftsavdelinga. Alle tilsette har gode kontortilhøve i kontorfløyen i Tunet.
Den som vert tilsett, må kunne leggje fram politiattest (barneomsorgsattest).
Nøtteliten barnehage på Søfteland har i sine vedtekter at tilsette i kyrkja har fortrinn til plass på lik line som barnehagen sine eigne tilsette. Barnehagen har 5 avdelingar og er einaste barnehage i Os med utvida kristen målsetting.
For meir informasjon om Os sokn, sjå https://kyrkja.no/os-vestland
Arbeidsoppgåver
- Onsdagar: Delta på ungdomstilbod ettermiddag/kveldstid
- Fasilitere opne møteplassar knytt til sosiale arrangement om lag ein helg i månaden
- Dialog med andre aktørar for ungdom i Os, mellom anna Ung Arena, ungdomskonsulentar, helsestasjon m.m.
- Kommunikasjonsarbeid for å nå ut til ungdom i lokalsamfunnet, m.a. på sosiale medier
- Teamarbeid for å utvikle opne møteplassar og inkluderande tilbod for ungdom i kyrkjelyden
Kvalifikasjonar
- Kompetanse og erfaring med diakoni, kyrkjeleg ungdomsarbeid eller annan relevant fagutdanning vil vere relevant
- Sosialfagleg, helsefagleg eller pedagogisk utdanning vil vere relevant
- Du er medlem av Den norske kyrkja
- Vi er meir oppteken av kven du er enn kva du har studert, og personleg eignaheit vil tilleggast stor vekt
Personlege eigenskapar
- Du er god til å bygge relasjonar, særleg med unge menneske
- Du er fleksibel, strukturert og målretta
- Du evner både å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt i lag med andre
- Du trivst i folkekyrkja og kan identifisere deg med kyrkja sitt trusgrunnlag
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og nærare avtale
- Telefonavtale
- Tilbod om vegleiing
- God oppfølging undervegs i prosjektet
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øyro 49, 5200 Os
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381131989
- Sist endret