Lege i spesialisering
Helse Fonna HF
- Frist 10.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Lege i spesialisering
Helse Fonna treng dyktige og engasjerte medarbeidarar for å møte dagens og framtidas utfordringar. I den forbindelse søkjer vi etter lege i spesialisering til Nevrologisk avdeling ved Haugesund sjukehus.
Innan nevrologi har vi åtte overlegestillingar og åtte stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen eining innan Medisinsk klinikk. Eininga tilbyr tenester som poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, Parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med åtte senger for generell nevrologi og seks for slagpasientar.
Nevrologi er eit fagfelt i kontinuerleg utvikling, med stadig nye og betre behandlingsmoglegheiter. Som LIS i nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med ei rekkje spanande sjukdommar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutar og logopedar er essensielt. Vi tilbyr grundig opplæring før du startar med vaktar.
Vi ser fram til å motta søknaden din og vil kontakte aktuelle søkjarar fortløpande! LIS utan fullført LIS1 kan evt. vurderast for vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Sengepostarbeid saman med overlege
- Etterhvert deltakelse i poliklinisk arbeid
- Deltaking i tverrfaglig samarbeid
- Mulighet for deltaking i botoxbehandling
- Spinalpunksjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med fullført turnustjeneste (eller du er snart ferdig med turnustjenesten)
- Det er ein fordel med erfaring frå norsk sjukehus
- Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
- har sosiale eigenskaper
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgåver
- Fast rettleiing
- Avspasering kvar 8.veke
- Avsett tid til fordjuping 1 dag anna kvar veke
- Aktivt og triveleg internasjonalt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: LIS
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
LIS, Nevrologi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381245162
- Sist endret