PhD/Doktorgradsstipendiat
Helse Bergen
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Engasjement
PhD/Doktorgradsstipendiat
Ved Forskingseininga, Divisjon psykisk helsevern, Haukeland Universitetssjukehus, er det nå ei ledig stilling som PhD/ doktorgradsstipendiat i medisin finansiert av Mohn forskingssenter for psykoselidelser (MRCP). Stillinga er knytt til STABIL-NOR-prosjektet som er ei utprøving av legemiddelet WEGOVY mot placebo i gruppa pasientar med schizofreni spekter lidingar. Hovudutfallsmålet er endring i kroppsvekt etter 26 vekers bruk av studiemedisin. Samla stipendperiode er 3 år i 100% stilling.
Om STABIL-NOR:
STABIL-NOR er eit nasjonalt forskingsprosjekt som er finansiert av Helse Vest, og av Helse Midt-Norge og Ullevål universitetssjukehus. Prosjektet har som bakgrunn at mange pasientar som brukar antipsykotikum utviklar overvekt eller fedme, som kan gi sekundære helseproblem. STABIL-NOR er ei randomisert kontrollert dobbelt-blind legemiddelutprøving med inklusjon av deltakarar i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger.
Arbeidsoppgåver
Stipendiaten skal gjennomføre:
- Søknad om opptak som PhD-kandidat ved det Medisinske fakultet, Universitetet i Bergen
- Opplæring, formidling og publisering, samt innlevering av avhandling etter de krav som er sett til PhD graden
Utover dette skal stipendiaten bidra til:
- Rekruttering av deltakarar
- Datainnsamling
- Kartlegging av deltakarar somatisk og psykiatrisk
Prosjektet gjennomførast i samarbeid mellom Bergen psykoseforskingsgruppe (BPRG) og poliklinikken ved Avdeling spesialisert psykosebehandling, Psykiatrisk klinikk. BPRG har fast personale som arbeider i prosjektet og som blir stipendiaten sine næraste medarbeidarar saman med hovudrettleiar Rune Andreas Kroken, som også deltar i kartlegging av deltakarar i STABIL-NOR.
Kvalifikasjonar
- Vi søker ein kandidat som er psykiater eller er lege i spesialisering i psykiatri
- Tidlegare forskingserfaring og vitskapelege publikasjonar vil bli vektlagt
- Søkar må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkar må beherske godt engelsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Tryggleik og presisjon i munnleg og skriftleg kommunikasjon, og evne til å skape tillit og god dialog
- Fagleg tryggleik
- Evne til å arbeide strukturert og systematisk
- Analytiske evner og god gjennomføringsevne
- Lojalitet til sjukehuset sine verdiar
- God evne til å samarbeide med andre
Vi tilbyr
- Deltaking i eit nasjonalt og internasjonalt forskingsmiljø innan psykisk helse
- Eit spennande og aktivt arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor, LIS, Psykiater
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
PhD/Doktorgradsstipendiat, psykiater, lege i spesialisering i psykiatri, forskning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381514408
- Sist endret