Rådgjevar økonomistyring
Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga
- Frist 08.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar økonomistyring
Bjørnafjorden kommune har ledig fast stilling som rådgjevar innan økonomistyring.
Økonomirådgjevaren har ei sentral rolle med fokus på økonomistyring, rettleiing og rapportering. Økonomirådgjevaren skal med utgangspunkt i kommunedirektøren sine styringssignal fungere som ein rådgjevar, pådrivar og utfordrar i høve intern styring.
Vi søker etter ein fagleg sterk og handlekraftig medarbeidar med evne til å oppnå resultat. Søkjar må ha god evne og vilje til samarbeid, og kunne ta tak i faglege utfordringar.
Arbeidsoppgåvene vil m.a. omfatta
- Budsjett og økonomiplan
- Rekneskapsprognosar
- Økonomiske analyser
- Rådgiving til kommuneleiing og einingar
- Deltaking i rekneskapsarbeid (t.d. kvalitetssikring av rekneskapen)
- Økonomiske tilskot
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter ein person med høgare økonomisk utdanning, (fortrinnsvis siviløkonom eller tilsvarande), med god IT-kompetanse
Med det meiner vi god generell system-forståing, god excel kunnskap og god evne til å bearbeide data til styringsinformasjon.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi vil leggja vekt på søkjaren si samla kompetanse og om han/ho er eigna for stillinga.
Stillinga rapporterer til økonomisjefen
Vi tilbyr
- ein organisasjon med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
- eit spanande arbeidsområde med høve til å påverka innhaldet i jobben
- ein utfordrande jobb med høve for personleg utvikling
- kompetente kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale, offentleg pensjonsordning.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomistyring og budsjettering, Rådgivning
Nøkkelord
økonomirådgiver, kommune, økonomistyring, budsjettering, it-kompetanse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381556717
- Sist endret