Vernepleiar 100% langvaktsturnus
Alver kommune
- Frist 09.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar 100% - Prestbrekka bufellesskap
Om stillinga
Me søkjer vernepleiar til 100% fast stilling i langvaktsturnus. Vaktlengde vil vere over 12,5 timar med jobb kvar 4 helg. Denne stillinga er hovudsakleg knytta opp til ein tenestmottakar der det krevst kjennskap til helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9- samt erfaring kring autisme og utfordrande atferd.
Sjukepleiar med relevant erfaring kan også søkje.
Om Prestbrekka bufellesskap
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger, og er heimen til pr i dag 9 personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Prestbrekka bufellesskap er arbeidsplassen til vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling, opplæring og rettleiing
- Utarbeiding av mål, planar og tiltak
- Kjennskap til lov om helse-og omsorgstjenestelova kapittel 9
- Leggje til rette for gode tenestar til den einskilde
- Sikre at dokumentasjonen er i tråd med gjeldande retningslinjer
- Kartlegging av tenestebehov
- Samarbeid med lege og spesialisthelsetjenesten
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjent vernepleiar/sjukepleiar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Førarkort klasse B
Du må ha god fysisk helse.
Vi tilbyr
- 9000kr over grunnløn i tariffavtale
- God pensjonsordning
- Personleg og fagleg utvikling
Spørsmål om stillinga
Lene Christensen, avdelingsleiar, 99477375, lene.christensen@alver.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Raunholmskogen 2, 5936 Manger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381673038
- Sist endret