Undervisningsstilling ved Os ungdomsskule
Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule
- Frist 05.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Ledig undervisningsstilling ved Os ungdomsskule 100 % vikariat på 9. trinn frå snarast og ut skuleåret 2024/2025, med moglegheit for forlenging
Vi søkjer ein engasjert lærar som vil bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat for elevane.
Kva vi kan tilby:
- Eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø med fokus på skuleutvikling og trygge oppvekstvilkår.
- Klare satsingsområde: livsmeistring for alle, arbeid med nærvær og fråvær, rammer for lesing og implementering av LK20.
- God oppfølging for nyutdanna lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Om skulen:
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har 70 tilsette og 487 elevar fordelt på 56 klassar per trinn. Skulen sitt verdigrunnlag er bygd på tre sentrale fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Vi jobbar målretta med oppdraget i LK20 for å fornye verdigrunnlaget og prinsippa for læring, samt vidareutvikle klasseromspraksisen.
Vi søkjer deg som:
- Har eit sterkt engasjement for elevane si læring og trivsel.
- Bidrar til å skapa eit inkluderande og trygt skulemiljø.
- Har kompetanse og interesse for å utvikle undervisninga i tråd med skulen sine satsingsområde.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet, arbeid mot enkeltelevar og elevgrupper.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.
Eigenskapar
Vi søkjer deg som er ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidrar til inkludering og eit godt læringsmiljø.
Du har god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du er fleksibel, har gode samarbeidsevner og ønskjer å delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- Er tydelege og engasjerte klasseleiarar og rollemodellar.
- Bidrar aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
- Er framtidsretta innan digital opplæring.
- Er fleksible og har evne til å finna gode løysingar.
- Har gode samarbeidsevner og skapar positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.
Kompetansebehov:
Skulen har særleg behov for kontaktlærar med kompetanse i norsk (minimum 60 studiepoeng) og naturfag. Det er også ønskjeleg med kompetanse i praktisk estetiske fag i tillegg (kunst og handverk, mat og helse).
Vurdering og intervju:
Søkjarar blir vurderte basert på personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen. For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke.
Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Oshaugen 6, 5202 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
Nøkkelord
Lektor, Lærer, Lærar, Undervisning, Undervisningstilling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 381700065
- Sist endret