Avdelingsleiar engineering - struktur og arrangement
Brødrene Aa
- Frist 22.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å jobbe med framtidas hurtigbåtar? Bli avdelingsleiar engineering - struktur og arrangement
Ønskjer du å jobbe med framtidas hurtigbåtar? Då har du kome til rett plass. Bli avdelingsleiar engineering - struktur og arrangement ved Brødrene Aa!
Brødrene Aa er kjent for sitt fokus på kvalitet, innovasjon og berekraft. Vi byggjer ikkje berre båtar; vi skaper framtida for maritim industri, og vi treng deg for å leie ei av våre mest sentrale avdelingar!
Stillinga
Som avdelingsleiar for Struktur og Arrangement får du eit allsidig ansvar som kombinerer driftsoppgåver med utvikling. Du vil:
- Leie eit dyktig team som har som mål å levere presise teikningar og dokumentasjon til produksjon, samtidig som du sikrar at prosjekta er innanfor tidsfristar og budsjett.
- Sikre at avdelinga til ei kvar tid har nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver i tråd med bedrifta si målsetting, samt kvalitet og HMS politikk.
- Sikre etablering og forbetring av Brødrene Aa standard knytt til konstruksjon og arrangement av fartøy.
- Kontrollere at aktuelle lovkrav gjeldande for fagområdet er ivaretatt.
Dine hovudoppgåver:
- Leie og organisere: Vidareutvikle og leie eit godt team med prosjektingeniørar og senior ingeniørar.
- Oppfølging: Kvalitetskontrollere/ godkjenne teikning. Medverke til at krav i lover, forskrifter, regelverk og standardar blir ivaretatt.
- Samkøyring: Ansvarleg for planlegging av teikningsunderlag og dokumentasjon i forbindelse med prosjekt., knytt til ansvarsområde. Ansvar for koordinering mot andre avdelingar, fag- og forretningsområder for å sikre framdrift prosjekt.
- Kontakt med interne og eksterne interessentar som klasse og myndigheiter, kundar og leverandørar. Bistå Head of Engineering, Teknisk Sjef og Prosjektleiarar med tilsvar til myndigheiter og klasseselskap, samt innsending av dokumentasjon.
- Analyse Sikre nødvendig data til beslutningsunderlag for løysingsvalg og innkjøp mot prosjekt.
- Utvikle etablerte standardar i samråd med faggruppe og struktur- og arrangementsavdelinga.
Kvalifikasjonar:
- Ingeniørhøgskule / teknisk fagskule i kombinasjon med relevant erfaring
- Erfaring frå verft eller maritim bransje
- Erfaring med AutoCad og Rhino, eller andre 2D/3D teikneprogram
- Kjennskap om reglene frå myndighet og klasseselskap (DNV, BV og HSC-2000)
- Gode norsk og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg.
Vi oppmodar om å søkje sjølv om ein ikkje tilfredsstiller alle kvalifikasjonane.
Vi tilbyr:
- Spannande arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Gode forsikringsordningar
Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Vi høyrer også gjerne frå deg, dersom du ikkje er på jobbsøk, men ønsker en uforpliktande prat om Brødrene Aa og moglegheiter hos oss.
Les meir om ingeniørane våre i desse nyheitsakene:
- https://www.braa.no/news/far-heile-tida-utforda-meg-pa-spennande-prosjekt
- https://www.braa.no/news/-ingeniorane-vaare-skreddarsyr-morgondagens-fartoy
Om oss:
Vårt hovudkontor og produksjonsanlegg ligger i Hyen, Nordfjord, på vestkysten av Norge. Her har vi 180 dyktige medarbeidere. Hyen er hovudlokasjon for engineering og produktutvikling i verksemda. På det nærliggande Eikefjord-anlegget utfører vi service, reparasjon og ombygging av fartøy. Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design, engineering og produksjon av komplette fartøy.
Arbeidsstad
Hyen
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Hyevegen 1775, 6829 Hyen
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Strukturingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
ingeniør, avdelingsleder, struktur og arrangement
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382190119
- Sist endret