Miljøterapeut 1 fast 100 % stilling
Bufetat
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut - 1 fast i 100 % stilling.
Vil du delta i eit spennande behandlingsarbeid for ungdom med rusproblem?
Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut.
Det kan også bli ledig fleire faste stillingar eller vikariat ved senteret. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.
Stillinga vil p.t. gå i 2-delt turnus (dagvaktar/kveldsvaktar med innslag av langvaktar), og arbeid kvar 4. helg. Vi har 2 vakne nattevaktar på kvar avdeling.
Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.
Bjørgvin ungdomssenter tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år, etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Målgruppa er ungdom med alvorlege åtferdsvanskar, herunder alvorlege og vedvarande rusproblem. Det blir lagt stor vekt på å få til eit godt samarbeid med ungdommen og den naturlege økologien til ungdommen. Sentralt i behandlingsarbeidet er at ungdommen skal opparbeida seg ferdigheitar for å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.
Det er tett samarbeid med foreldre og andre viktige personar for å støtta ungdommen i endringsarbeidet. Rusbehandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Behandlingsmodellen er under utvikling i eit spanande samarbeid mellom kvalitetssikrar i Nasjonal eining for behandling (NABE), Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Bjørgvin ungdomssenter, Jong ungdoms- og familiesenter og Skjerven rusbehandling ungdom.
Arbeidsoppgåver
- Utøve målretta behandlingsarbeid iht. behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling.
- Delta i utforminga og oppfølgjing av dei individuelle behandlingsplanane til ungdommen.
- Delta i behandlingsmøte/samtalar med ungdommen og eksterne samarbeidspartar.
- Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
- Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Vakt- og brannvernansvarleg.
- Delta i regelmessig rettleiing og konsultasjon.
- Ivareta ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
- Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
- Delta i praktiske gjeremål.
- Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.
Kvalifikasjonar
Krav til stillingane:
- Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Ved eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
- Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
- Førarkort klasse B er naudsynt.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
- God fysisk og psykisk helse.
Ønskjeleg erfaring og kompetanse:
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Barnevernslova.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til traumebevisst omsorg.
- Det er ønskjeleg at du har rettleiingskompetanse.
- Det er ønskjeleg med institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn- Dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- Motiverast av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
- Framstår som trygg i møte med ungdomane.
- Har evne til å vere romsleg, fleksibel og sjølvstendig.
- Kan etablera gode relasjonar.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er løysingsfokusert og vere metodelojal.
- Er punktleg og evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Har evne til å arbeida strukturert og metodisk.
- Kan vere trygg i krevjande situasjonar.
Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar: pt kr 466 600 - 604 900 pr. år (ltr. 45-62).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: pt kr 524 700 - 646 000 pr. år (ltr. 53-66) eller 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk barnevernspedagog: pt kr 532 200 - 646 000 pr. år (ltr. 54-66).
- Ved eventuell tilsetjing i vikariat i deltidsstilling, kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, pt. kr 394 100 - 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 - 487 800 (ltr 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300 (ltr 41-50).
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
- Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bønesstølen 13, 5154 Bønes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Ungdom, Rusbehandling, Institusjon, Deltid, Vikariat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382196054
- Sist endret