Salsansvarleg
Hardanger Seafood AS
- Frist 20.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Har du lidenskap for sal og interesse for sjømatnæringa?
Har du lidenskap for sal og interesse for sjømatnæringa? Då ønskjer me å komme i kontakt med deg.
Hardanger Seafood AS søkjer ein engasjert og dyktig Salsansvarleg som kan styrke vår posisjon i marknaden.
Hos Hardanger Seafood AS får du ansvaret for å vedlikehalde og utvikle eksisterande kundeportefølje, samstundes som du byggjer relasjonar og skapar nye muligheter. Gjennom di forståing av marknaden og ditt nettverk, vil du spele ei avgjerande rolle i vår satsing på kvalitet og berekraftig sjømatproduksjon.
Kven søkjer vi?
Du har erfaring med sal og nettverksbygging, gjerne frå sjømat- eller næringsmiddelindustrien. Du har god forretningsforståing og er ein dyktig relasjonsbyggjar. Kjennskap til laksebransjen og marknadens krav er ein stor fordel, men ikkje eit krav. Du er ein fleksibel og resultatorientert person som evnar å handtere utfordringar og endringar med tryggleik og profesjonalitet. Du tilpassar deg raskt til nye situasjonar og utfordringar, og du blir motivert av å finne gode løysingar saman med andre. Du er utåtvent og løysingsorientert, og bidreg til å skape framdrift og gode resultat. Med ei strukturert tilnærming planlegg du arbeidsoppgåver effektivt, og du kombinerer ein proaktiv haldning med god forretningsforståing.
Dine hovudansvarsområde vil vere:
- Vedlikehalde og utvikle kundeporteføljen vår gjennom nettverksbygging og representasjon.
- Delta aktivt på messer og arrangement for å styrkje vårt nærvær i marknaden.
- Skape nye muligheter i samarbeid med kundane våre, og utvikle langvarige relasjonar.
- Byggje og vedlikehalde sterke relasjonar med kundar, og finne nye marknader.
- Utvikle sals strategiar som reflekterer vårt fokus på berekraft og kvalitet.
- Identifisere nye marknader og sikre vekst i volum- og spotmarknaden.
- Ta strategiske avgjerder i samarbeid med leiarteamet for å sikre selskapets vekst og utvikling.
Kvalifikasjonar:
- Høgare relevant utdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Erfaring frå sal og nettverksbygging, gjerne frå sjømat- eller næringsmiddelindustrien.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ.
- Evne til å utvikle sals strategiar som bidreg til langsiktig verdi.
- Kjennskap til laksebransjen og marknadens krav er ønskjeleg.
- Du har eit solid nettverk og kjenner godt til lakse- eller sjømatmarknaden.
Kvifor jobbe hos Hardanger Seafood?
Hardanger Seafood tilbyr eit flott arbeidsmiljø der du får høve til å jobbe med engasjerte kollegaer som brenn for sjømat. Me er opptekne av kvalitet og berekraftig sjømatproduksjon.
Hos oss får du mulighet til å påverke, vekse og spele ei nøkkelrolle i selskapets vidare utvikling. Du blir del av eit engasjert og dynamisk team som verdset kvalitet, berekraft og sterke relasjonar.
Me tilbyr konkurransedyktige betingelser i tillegg til mulighet for personleg og profesjonell utvikling.
Arbeidsstad:
Langevåg, Bømlo
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt vår rekrutteringspartner hos Adecco:
Mette Hessen på telefon 93633191 eller e-post mette.hessen@adecco.no
Søknader vert behandla fortløpande.
Søknadsfrist: 20.12.24
Om arbeidsgiveren
Hardanger Seafood – frå Langevåg til verda!
Med røter heilt tilbake til 1986, har Hardanger Seafood delteke i utforming av næringa til stor industri. Me har i dag eit heilt nytt og topp moderne lakseslakteri og prosessanlegg på Langevåg, Bømlo. Her blir laks og aure slakta, pakka og gjort klare for eksport til marknader over heile verda. Som eigd av leiande aktørar innan norsk havbruk – Lingalaks, Tombre Fiskeanlegg, Eidesvik Laks og Fylkesnes Fisk – har vi kompetanse og kapasitet til å handtere opptil 100 000 tonn fisk årleg. I tillegg til å levere til våre eigarar, samarbeider vi med oppdrettarar på heile Vestlandet for å sikre førsteklasses sjømat i kvar leveranse.
- Sektor: Privat
- Sted: Hovlandsvegen 270, 5443 Bømlo
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Forhandling, Forretningsutvikling og strategi, Salgsledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salgsansvarlig, nettverksbygging, relasjonsbygging, løsningsorientert, laksebransjen
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382279696
- Sist endret