Helsefagarbeider
Tokke kommune
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Ynskjer du å ha tid til dei eldre, faglege utviklingsmogleghetar, nærhet til naturen og makspris på straum? Kom til oss!
I Tokke kommune er det godt å eldast, og det har alt å gjera med dei flotte tilsette me har. Arbeidsmiljøet er bra, og det reflekterast også i tenestene. No ynskjer me oss endå fleire initiativrike helsefagarbeidarar til institusjon, som likar å skape ein aktiv og innhaldsrik kvardag for bebuarane våre, der gode samtaler og godt humør står høgt.
Kvifor skal du velje å koma til oss?
Tokke er ein kommune du har høve til å utvikle deg i.
Tokke helsesenter har sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagavdeling, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak. Me satsar på god kompetanse innanfor palliasjon og lindrande behandling, og deltek i fleire prosjekt i tilknytning til dette. Lokal blod-kreft avdeling er også lokalisert på Tokke helsesenter.
Me har eige simuleringsrom som blir bruka til fagutvikling, internundervisning, kurs og øving på prosedyrer.
I tillegg til dette kan me tilby:
- Godt arbeidsmiljø, der du har tid til kvar enkelt bebuar
- Årsturnus, så du sjølv kan vera med å påverke korleis kalenderen din skal sjå ut
- Eit årleg tillegg på 20.000,-
- Rimeleg bustad
- Makspris på straum
- Makspris på barnehage (1500 pr mnd. 50% på barn nr. to, og tredje barn gratis.)
- Gratis SFO (1.-4. klasse)
Søknadsfrist: 15.12.24
For fullstendig utlysingstekst, og søknadskjema, sjå:
https://www.tokke.kommune.no/helsefagarbeidarar.6697989-489519.html
Om arbeidsgiveren
Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest – Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv. Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022.
Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her:
https://www.tokke.kommune.no/velkomen-til-tokke.485770.nn.html
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Revahaugvegen 6, 3880 Dalen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsefagarbeider, omsorg, pasientfokus, omsorgssenter, palliasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382337935
- Sist endret