Bildegalleri
Brekkane Bustadfelt
Nordnes 1 - Bustad på enden mot vest
6060 HareidPris på lån: fra 27 275 kr/mnd
Lånekalkulator fra 27 275 kr/mndEff.rente 5,72 %. 4 410 000 o/25 år. Kostnad: 3 772 500 kr. Totalt 8 182 500 kr.
LånekalkulatorKort om prosjektet
Vi har no gleda av å kunne tilby totalt 27 eine- og tomannsbustadar og 5 einebustadtomter i Brekkane Bustadfelt på Hareid. Her kan du velje mellom 4 ulike bustadtypar, eller du kan sikre deg ei av einebustadtomtene der du kan utforme din eigen bustad i samarbeid med oss.
Prosjektets status
Planlegging
2023
Salgsstart
Haust 2024
Byggestart
Vår 2025
Overtakelse
Vår 2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Enebolig
- Soverom
- 4
- Bruksareal
- 126 m²
- Balkong/Terrasse
- 43 m² (TBA)
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
«Nordnes» – Funksjonell bustada med «noko attåt»
Vi har gleda av å presentere 9 einebustadar fordelt på 3 eksklusive kjedar, kvar med sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie. Dette inkluderer fleire variantar av planløysinga og tre ulike takformer. Her får du ein fleksibel einebustad i familievennleg området med flotte uteplassar – både terrasse, takterrasse og balkong.
Nordnes-bustaden er ideell for deg som ynskjer ein moderne, funksjonell bustad med «noko attåt». Med smart planløysing, kvalitetsmateriale og gode uteområde, er denne bustaden perfekt for deg som set pris på både estetikk og funksjonalitet.
Moderne hus med luftig atmosfære og fleksibel planløysing
Bustaden har eit grunnplan på 63 kvm og går over to etasjar, med ei gjennomtenkt og effektiv planløysing. I første etasje kan du frå inngangen gå til vaskerom, teknisk rom, bad og tre soverom. Andre etasje er lys og romsleg, med store vindaugsflater som slepp inn rikeleg med dagslys og gir ei luftig atmosfære. Her har du utgang til både balkong og terrasse.
Planløysinga er fleksibel og har fleire alternativ:
Første etasje:
- Det eine soverommet kan gjerast om til eit allrom
- Hybel med eige bad og separat inngang
Andre etasje:
- Den eine varianten tilbyr eit stort soverom med tilhøyrande bad og ei ope stove- og kjøkenløysing
- Den andre varianten har eit separat kjøken med eteplass, eit romsleg bad, og ei generøs stove
Romsleg garasje og skjerma terrasse
Garasjen på 24 kvm har direkte utgang til hagen og er inkludert ei sportsbod på 5 kvm. Her har du god plass til større bilar og sportsutstyr. Garasjen fungerer også som bindeledd mellom husa og har ein skjerma terrasse på taket, perfekt for solfylte dagar og rolege stunder utandørs. Terrassen er lett tilgjengeleg frå stova i andre etasje og gir ei naturleg forlenging av opphaldsrommet.
Arkitektur og fasade
Bustadane er designa med ulike takformer: pulttak og slakt eller bratt saltak – noko som gir kvart hus ein unik identitet, samtidig som dei dannar ein heilskap. Dei har eit variert, men harmonisk fasadeuttrykk. Sjølv om dei er ulike i takform og detaljar, er det gjenkjennelege element i alle fasadane som skapar ein visuell samanheng. Fasademateriala er av høg kvalitet, og saman med den moderne arkitekturen skapar dei eit estetisk tiltalande og moderne uttrykk.
Tomt
Eigd tomt på omlag 330 kvm. Endeleg areal vert målt opp før signering av kontrakt.
Meld interesse for tilvalsmoglegheiter og stå først i køen til å velje bustad
Er du tidleg ute og melder interesse får du moglegheit til å påverke fleire tilval på bustaden. Du får også fordelen av å stå først i køen. Vel bustadplasseringa som «alle» vil ha. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale og få meir informasjon.
Når du bygger ein heilt ny bustad får du også fleire fordelar, som:
- Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
- Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
- Null stress med bodrundar
- Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
- 5 års reklamasjonsrett
Nyttige lenker
Beliggenhet
Blink Hus Søre Sunnmøre
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.