Bildegalleri
Brekkane Bustadfelt
Selnes 107 15 - Bustad i rekkje på enden mot vest
6060 HareidPris på lån: fra 20 802 kr/mnd
Lånekalkulator fra 20 802 kr/mndEff.rente 5,73 %. 3 360 000 o/25 år. Kostnad: 2 880 600 kr. Totalt 6 240 600 kr.
LånekalkulatorKort om prosjektet
Vi har no gleda av å kunne tilby totalt 27 eine- og tomannsbustadar og 5 einebustadtomter i Brekkane Bustadfelt på Hareid. Her kan du velje mellom 4 ulike bustadtypar, eller du kan sikre deg ei av einebustadtomtene der du kan utforme din eigen bustad i samarbeid med oss.
Prosjektets status
Planlegging
2023
Salgsstart
Haust 2024
Byggestart
Vår 2025
Overtakelse
Vår 2026
Nøkkelinfo
- Boligtype
- Rekkehus
- Soverom
- 4
- Bruksareal
- 107 m²
Fasiliteter
Visning
Ta kontakt for å avtale visning.Beskrivelse
Selnes 107 – Einebustad i rekkje med opptil 4 soverom og eigen carport
«Selnes 107» er eit moderne, kompakt og vedlikehaldsvenleg rekkjehus over to plan. Med opp til fire gode soverom kan bustaden huse din familie gjennom mange livsfasar.
Ein smart bustad som kan tilpassast deg
Innanfor inngangsdøra er det vindfang med skyvedør og plass til skyvedørsgarderobe. I gangen innanfor er det moglegheit for eit fellesområde/kjellarstove, med eller utan skjerming frå resten av bustaden. Her kan du velje mellom å ha tre soverom, eller ha kjellarstova i front av bustaden. På badet er det lagt opp til vaskemaskin og tørketrommel. Det tekniske har ei eiga bod rett ved badet. Liker du praktiske løysingar kan du få bod, kontorplass eller garderobe under trappa, via trappeleverandør.
I andre etasje finn du «master»-soverommet med eiga garderobe og eit praktisk toalett i gangen, rett utanfor soveromsdøra. Vidare inn får du ei herleg stove med ope kjøkenløysing og plass til spisebord eller kjøken-øy, alt etter behov.
Einebustaden i rekkje får tilgang til eigen carport og parkeringsplass.
Tomt
Eigd tomt. Areal vert målt opp før signering av kontrakt.
Meld interesse for tilvalsmoglegheiter og stå først i køen til å velje bustad
Er du tidleg ute og melder interesse får du moglegheit til å påverke fleire tilval, blant anna kjøkken og oppvarming av bustaden. Du får også fordelen av å stå først i køen. Vel bustadplasseringa som «alle» vil ha. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale og få meir informasjon.
Når du bygger ein heilt ny bustad får du også fleire fordelar, som:
- Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
- Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
- Null stress med bodrundar
- Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
- 5 års reklamasjonsrett
Materiale av kvalitet
Generelt vert det nytta materiale av høg kvalitet både innvendig og utvendig. I tørre rom vert det som standard nytta klikkvinyl på golv og ferdigmåla plater i tak og på veggar. Her er det moglegheiter for tilpassingar kva angår fargar og typar, og ein kan også oppgradere til t.d. parkett og ferdig sparkla og måla gips om ein ynskjer dette. På våtrom er standarden flis på golv med kantflis og baderomsplater på veggane.
Utvendig vert bustaden kleidd med royalimpregnert kleidning, og vindauga er av typen tre med aluminiumsbeslag. Alt dette inneber eit minimum av vedlikehald, godt eigna for ein travel familie.
Nyttige lenker
Beliggenhet
Blink Hus Søre Sunnmøre
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.