Bildegalleri

Dei tre ulike typane einebustadar har eit variert, men harmonisk fasadeuttrykk. Illustrasjon.

Hareid

Brekkane Bustadfelt

Nordnes 6 - Bustad på enden av midtre kjede med ekstra stor terrasse

Kart med kartnål6060 Hareid
Prisantydning6 000 000 kr
Totalpris
6 023 000 kr
Omkostninger
23 000 kr

Kort om prosjektet

Vi har no gleda av å kunne tilby totalt 27 eine- og tomannsbustadar og 5 einebustadtomter i Brekkane Bustadfelt på Hareid. Her kan du velje mellom 4 ulike bustadtypar, eller du kan sikre deg ei av einebustadtomtene der du kan utforme din eigen bustad i samarbeid med oss.

  • Planlegging

    2023

  • Salgsstart

    Haust 2024

  • Byggestart

    Vår 2025

  • Overtakelse

    Vår 2026

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Soverom
4
Bruksareal
126 m²
Balkong/Terrasse
52 m² (TBA)

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Balkong/Terrasse
Offentlig vann/kloakk
Utsikt
Barnevennlig
Garasje/P-plass
Balansert ventilasjon
Bredbåndstilknytning
Turterreng

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

«Nordnes» – Funksjonell bustada med «noko attåt»

Vi har gleda av å presentere 9 einebustadar fordelt på 3 eksklusive kjedar, kvar med sitt eige særpreg, perfekt for Sunnmøre. Vi har lagt opp for ulike variantar av bustadane slik at du kan velje den løysinga som passar best for din familie. Dette inkluderer fleire variantar av planløysinga og tre ulike takformer. Her får du ein fleksibel einebustad i familievennleg området med flotte uteplassar – både terrasse, takterrasse og balkong.

Nordnes-bustaden er ideell for deg som ynskjer ein moderne, funksjonell bustad med «noko attåt». Med smart planløysing, kvalitetsmateriale og gode uteområde, er denne bustaden perfekt for deg som set pris på både estetikk og funksjonalitet.

Moderne hus med luftig atmosfære og fleksibel planløysing
Bustaden har eit grunnplan på 63 kvm og går over to etasjar, med ei gjennomtenkt og effektiv planløysing. I første etasje kan du frå inngangen gå til vaskerom, teknisk rom, bad og tre soverom. Andre etasje er lys og romsleg, med store vindaugsflater som slepp inn rikeleg med dagslys og gir ei luftig atmosfære. Her har du utgang til både balkong og terrasse.

Planløysinga er fleksibel og har fleire alternativ:
Første etasje:

  • Det eine soverommet kan gjerast om til eit allrom
  • Hybel med eige bad og separat inngang


Andre etasje:

  • Den eine varianten tilbyr eit stort soverom med tilhøyrande bad og ei ope stove- og kjøkenløysing
  • Den andre varianten har eit separat kjøken med eteplass, eit romsleg bad, og ei generøs stove


Romsleg garasje og skjerma terrasse
Garasjen på 24 kvm har direkte utgang til hagen og er inkludert ei sportsbod på 5 kvm. Her har du god plass til større bilar og sportsutstyr. Garasjen fungerer også som bindeledd mellom husa og har ein skjerma terrasse på taket, perfekt for solfylte dagar og rolege stunder utandørs. Terrassen er lett tilgjengeleg frå stova i andre etasje og gir ei naturleg forlenging av opphaldsrommet.

Arkitektur og fasade
Bustadane er designa med ulike takformer: pulttak og slakt eller bratt saltak – noko som gir kvart hus ein unik identitet, samtidig som dei dannar ein heilskap. Dei har eit variert, men harmonisk fasadeuttrykk. Sjølv om dei er ulike i takform og detaljar, er det gjenkjennelege element i alle fasadane som skapar ein visuell samanheng. Fasademateriala er av høg kvalitet, og saman med den moderne arkitekturen skapar dei eit estetisk tiltalande og moderne uttrykk.

Tomt
Eigd tomt på omlag 330 kvm. Endeleg areal vert målt opp før signering av kontrakt.

Meld interesse for tilvalsmoglegheiter og stå først i køen til å velje bustad

Er du tidleg ute og melder interesse får du moglegheit til å påverke fleire tilval på bustaden. Du får også fordelen av å stå først i køen. Vel bustadplasseringa som «alle» vil ha. Ta kontakt for ein uforpliktande samtale og få meir informasjon.

Når du bygger ein heilt ny bustad får du også fleire fordelar, som:

  • Ingen har budd der før – bli den første som bur seg inn i bustaden
  • Alt er nytt! Som betyr mindre vedlikehald og null oppussing
  • Null stress med bodrundar
  • Spar pengar på ein energieffektiv bustad og låg dokumentavgift
  • 5 års reklamasjonsrett

Beliggenhet

Kart med kartnål6060 Hareid

Annonseinformasjon

FINN-kode382499866
Sist endret28. nov. 2024 14:03

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.