Helsesekretær/sekretær
Helse Bergen
- Frist 20.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsesekretær/sekretær
Bli ein del av team Auge!
Vi har no ledig 100% fast stilling i kontorseksjonen ved Augeavdelinga, og tilbyr varierte og viktige arbeidsoppgåver.
Stillinga er i hovudsak knytta til pasientadministrasjon i DIPS Arena og Orbit, betening av telefonsentral og resepsjon, og pasientnære oppgåver etter opplæring. Moglegheit for deltaking i vaktteam på kveldstid som handterer augepasientar som treng øyeblikkelig hjelp (ØH).
Augeavdelinga har regionsfunksjon på vårt fagområde, og tilbyr spesialisert utgreiing og pasientbehandling i tillegg til opplæring av helsepersonell og forsking. Her er ein stor poliklinikk med ca 40.000 polikliniske konsultasjonar, 4.000 operasjonar, og 700 innleggingar årleg.
Arbeidsoppgåver
- Pasientadministrative oppgåver i Dips og Orbit
- Telefon-/resepsjonsteneste
- Posthandtering
- Bistå sjukepleiar/lege ved injeksjonsklinikk
- Bestilling av transport,tolk, hotell mm
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
Andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Sekretær utdanning/kontorfagleg utdanning eller anna relevant fagbakgrunn relatert til planlegging og administrasjon
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til programma DIPS, Orbit, SAP er ein fordel men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du arbeidar godt sjølvstendig og i eit team
- Du er ansvarsbevisst
- Du er fleksibel og liker varierte utfordringar
- Du har god evne til planlegging og prioritering av eige arbeid
- Du er målretta og får oppgåvene gjort
- Du er punktleg, nøyaktig, påliteleg og strukturert
- Du har interesse for forbetring og kvalitetssikring av våre tenester
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er serviceorientert
- Du bidra til eit kollegialt godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsdagar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsesekretær, operasjonsplanlegger, sekretær, øyeavdeling, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382500487
- Sist endret