Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 5.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Strategisk planleggar
Vil du vere med og utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet til dei reisande og å utnytte ressursane våre best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i eit slikt system er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester, som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i mobilitetssystemet.
Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du bli del av eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre femner frå å lage langsiktige planar for tilbodet og å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, til å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evner å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar hos oss vil du jobbe med
- å utarbeide analysar og utgreiingar om kollektivtilbodet, med tilrådingar om reisebehov, infrastruktur og rutetilbod,
- strategiske planar for kollektivtilbodet og nye mobilitetsløysingar på land og på sjø,
- dialog med interessentar som kommunar og interesseorganisasjonar, og
- intern forbetring av metodikk og arbeidsprosessar.
Du vil utføre oppgåvene dine i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt mot andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få rom til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne, og god prosessforståing.
I tillegg er det fint om du har
- erfaring frå transportplanlegging eller samfunnsplanlegging,
- god forståing for interessenthandtering og medverknad,
- kunnskap om kva moglegheiter ny teknologi kan gi oss,
- kjennskap til vestlandsregionen og
- kjennskap til offentleg forvalting.
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som
- vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by,
- er nysgjerrig og arbeider faktabasert og analytisk,
- har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat,
- trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap, og
- bidrar til det gode arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi:
- Moglegheit til å utvikle deg fagleg
- Gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
- Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen eller Leikanger
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader
- Vi gjer merksam på at ifølge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren verte offentleggjorte sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
- Nettverk: LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Flere arbeidssteder: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Offentlig administrasjon, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Planlegger, Prosjektledelse, Samfunnsviter
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
planlegger, samfunnsplanlegging, kollektivtransport, samferdsel, skyss
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382601370
- Sist endret