Medarbeidar økonomi og administrasjon
Voss Resort AS
- Frist 11.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for å ta sats ut i arbeidslivet på Voss?
Start arbeidslivet med varierte og spennande arbeidsoppgåver i helårsdestinasjonen Voss?
Er du nyleg ferdig utdanna eller studerer du på deltid og er klar for ein spennande karrierestart? I Voss Resort tilbyr vi ein unik mogelegheit til å få variert og lærerik erfaring i hjartet av vakre Voss! Som medarbeidar i økonomi og administrasjon vil du få innblikk i kva det inneber å drive ein helårsdestinasjon, samtidig som du får ein solid og heilskapleg forståing av drift i ein stor verksemd. Dette er rollen for deg som ønskjer ein god start på karrieren. Her vil du få varierte arbeidsoppgåver og eit kompetanselyft på ein dynamisk og inspirerande arbeidsplass. Bli ein del av teamet og bidra til å vidareutvikle Voss Resort!
Arbeidsoppgåver:
Du vil jobbe breitt innanfor områdane økonomi, administrasjon og HR.
- Tverrfagleg arbeid i konsernet saman med CEO, leiar økonomi og leiargruppe.
- Utarbeide styringsinformasjon og analysar, og vere ein pådrivar for støtte til leiare og fagansvarlege.
- Analyse, oppfølging og rapportering av resultatutvikling og KPI-er, til dømes kostnadskontroll og budsjettarbeid i samarbeid med dei budsjettansvarlege.
- Hjelpe til med i månadlege rapporteringar og annan rapportering.
- Hjelpe til med rekneskapsarbeid og avstemming i samarbeid med ekstern regnskapsfører.
- Vere ein sparringspartnar og bidra med analysar og prosjekt i konsernet
- Profesjonalisere og standardisere prosessar
- Administrativ støtte til konsernet, til dømes ved utarbeiding av presentasjonar
- HR-støtte, til dømes i samband med rekruttering og saker innanfor personalområdet
- Følge opp timeregistrering og bemanningsoversikt
- Andre arbeidsoppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
- Høgare økonomisk utdanning eller held på å avslutte ei høgare økonomisk utdanning.
- Relevant erfaring er ein fordel, men nyutdanna vert oppmoda til å søkje.
- Erfaring med bruk av Microsoft Office, spesielt Excel og PowerPoint. Gode Excel-kunnskapar er ein fordel, men interesse og lærevilje kan vege opp for manglande erfaring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.
- Generelt god systemforståing, men interesse og lærevilje kan vege opp for manglande erfaring.
- Du er analytisk, strukturert og nøyaktig.
- Du har stor arbeidskapasitet og høg gjennomføringsevne.
- Du trivst i ein organisasjon i endring der du har varierte og utfordrande oppgåver.
- Du er positiv, sjølvstendig og ein god sparringspartnar og lagspelar i teamet.
Søknader vert vurderte fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Voss Resort er ei spennande de merkevare med høg aktivitet heile året. Vi leverer tre primærprodukt; skiprodukt, sommarprodukt og eit året rundt produkt med Hangurstoppen Resturant og Voss Gondol. Gjester kjem til oss både nasjonalt og internasjonalt fordi dei her får opplevingar dei ikkje får andre stader. Som ein naturleg stoppestad på jernbanen Bergen – Oslo, gjer me det lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvenleg vis. Voss Resort er ein sentral aktør i bygda, og er ein av motorane for den positive utviklinga på Voss.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Evangervegen 3, 5704 Voss
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Økonomi og regnskap, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
økonomi, administrasjon, regnskap, hr, analyse
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382620799
- Sist endret