Prosjektmedarbeider
Ryfylke IKS
- Frist 31.12.2024
- Ansettelsesform Prosjekt
Vil du vera med og forma framtida for ungdom i Ryfylke?
Med føresetnad om at stillinga vert godkjend av RIKS representantskap søker me etter ein prosjektmedarbeider.
Er du engasjert og brenn for unge sine vilkår og ønsker å bidra til å styrkja unge si medverking i Ryfylke? Då bør du søkje denne prosjektstillinga!
Ryfylke IKS søkjer no ein dyktig og engasjert medarbeidar som skal vera bindeleddet mellom ungdomsstyret i Ryfylke og dei oppgåvene og sakene dei sett på dagsorden.
Arbeidsoppgåver:
- Vera med og utvikla RyRekrutt – ein årleg event der unge møter unge på tvers av Ryfylke og får bli betre kjent med arbeidslivet i Ryfylke.
- Bidra til å bygge ein digital plattform som fortel om det som skjer i Ryfylke og som er relevant for unge der ein søkjer utdanning og arbeidserfaring.
- Vidareutvikle sommarjobben.no slik at fleire unge frå Ryfylke får sommarjobb som er relevant for utdanningsvalet sitt.
- Motivere fleire private og offentlege verksemder til å satse på traineestillingar i eigen organisasjon.
Me ser etter deg som er strukturert, initiativrik og som har lyst til å vere ein pådrivar for ungdomsstyret sitt arbeid i regionen. Les meir på ryfylkeiks.no, der du finn meir informasjon om ungdomsstyret sitt arbeid.
Ønska kvalifikasjonar:
- God innsikt i kva som engasjerer ungdom
- Relevant erfaring frå arbeid med ungdom er ein fordel
- Gode ferdigheiter innan digitale verktøy og plattformer, inkludert sosiale medium
- Du er ein god historieforteljar og likar å kommunisera både munnleg og skriftleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Kjennskap til regionen Ryfylke er ein fordel, men ikkje eit krav
Me tilbyr:
- Ei spennande og variert prosjektstilling, der du får stor påverknad på ungdomsarbeidet i Ryfylke
- Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Ei viktig rolle i å bidra til å forme framtida for dei unge i Ryfylke
- Løn etter avtale
Ryfylke IKS er lokalisert og har kontorstad på Hjelmeland.
Er du den me leitar etter? Send oss din søknad med CV innan 31.desember. For spørsmål om stillinga, kontakt Nina Fjellskaalnes: nina@ryfylkeiks.no, telefon 41554406.
For spørsmål om ungdomsstyret sitt arbeid, kontakt Anne Langeland Bratthammer: ungdomsstyret@ryfylkeiks.no, telefon 948 52 902.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap som har som formål å styrkja Ryfylke-regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid mellom Ryfylke-kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Sauda og Sandnes. Dei unge er viktige for regionen og i juni i år vart Ungdomsstyret i Ryfylke etablert.
Ungdomsstyret i Ryfylke består av to personar frå kvar av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Styret skal vera ein viktig pådrivar for ei auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylke-regionen, mellom anna ved å bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ryfylkevegen 7040, 4130 Hjelmeland
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Event og arrangementer, Offentlig administrasjon, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Markedsfører
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382622642
- Sist endret