Inaktiv
Produksjonsleiar
ÆNES INKUBATOR AS
- Frist 12.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Spennande leiarrolle i ein av landets største og mest moderne setjefiskanlegg
Vår produksjonsleiar skal over i ny rolle internt i selskapet, og vi søker difor etter ny Produksjonsleiar.
Ænes Inkubator AS er dedikert til å leia an i berekraftig oppdrett og utvikla innovative løysingar som bidreg til å styrkja akvakulturindustrien. Målet er å vera ein leiande aktør innan teknologi, forsking og praksis som fremjar sunn vekst i oppdrettsnæringa. Hos oss vil du jobba med eit høgt kvalifisert team på Ænes, og samarbeidde tett med dagleg leiar for å vidareutvikla verksemda.
Som vår nye Produksjonsleiar vil du få ei sentral rolle med overordna ansvar for den biologiske produksjonen i selskapet, under dette òg fiskehelse. Dette inkluderer mellom anna:
- Bidra til produksjon av smolt med fokus på fiskevelferd, HMS og mattryggheit
- Planlegge produksjon ved anlegget, herunder rogninnlegg, smoltutsett og andre arbeidsoperasjonar knytt til fisk, fôringsstrategi, temperaturstyring m.m.
- Kontakt med kundar for avklaringar omkring smoltstrategi og -leveringar.
- Planlegge dagleg drift av anlegget i samarbeid med Teknisk Leiar.
- Bidra til eller styre prosjekter som skal auke produksjonen, betre produksjonsvilkår eller på annan måte optimalisere drifta ved anlegget.
- Halde seg oppdatert på forskning og utvikling innan relevante fagfelt
- Høgare utdanning innan biologi eller akvakultur.
(Lang erfaring kan kompensera for utdanningskrav). - Leiarerfaring
- Erfaring frå akvakulturproduksjon, helst drift av RAS-anlegg.
- Grunnleggjande ferdigheiter i Office pakken og andre relevante IT-verktøy.
Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvstendig og nøyaktig med gode samarbeidsevner. Du kommuniserer og formidlar godt, både munnleg og skriftleg, er serviceinnstilt og løysingsorientert.
Vi tilbyr:
- Ei spennande rolle i eit innovativt og berekraftig produksjonsmiljø.
- Moglegheita til å vera med og forme framtida for akvakulturindustrien gjennom innovasjon og teknologisk utvikling.
- Stillinga rapporterer til dagleg leiar og inngår i leiargruppa.
- Konkurransedyktige vilkår og gode
- Arbeidsstad vil vera Ænes i Kvinnherad.
Om arbeidsgiveren
Ænes Inkubator AS vart stifta i 2017 av tre lokale eigare; Lingalaks, Eide Fjordbruk og Tombre, og er eit framtidsretta landbasert setjefiskanlegg som produserer berekraftig laksesmolt. Anlegget som ligg på Ænes i Kvinnherad er på 10500 kvm og består av 5 RAS-avdelingar, klekkjeri og administrasjonsbygg. Selskapet har kapasitet til å produsera om lag 3000 tonn smolt pr. år, og leverer smolt til dei tre eigarane sine som samla forsyner verda med om lag 160 millionar laksemåltid årleg. Ænes Inkubator fekk innvilga konsesjon i 2018, hadde byggjestart av produksjonsanlegget i 2020, og første smolt vart levert i april 2023.
- Sektor: Privat
- Sted: Ænesvegen 200, 5475 Ænes
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
HR Administration, Økonomi, Oppdrett, Fiskeproduksjon
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382642985
- Sist endret