Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Vil du jobbe med personvern/GPDR i Vestland fylkeskommune?
Juridisk seksjon har no ledig ei nyoppretta stilling som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar innan personvern og GDPR for
avdeling for opplæring og kompetanse. Stillinga er lagt til Bergen eller Leikanger.
Juridisk seksjon har som overordna ambisjon å dekke det aller meste av Vestland fylkeskommune sitt rettshjelpsbehov. I dette ligg å synleggjere og tilby kompetent juridisk rådgjeving for heile Vestland fylkeskommune. Juridisk seksjon har eit stort juridisk miljø med 5 advokatar inkl. leiar og 10 juridiske rådgjevarare/seniorrådgjevarar.
Fylkeskommunen ved direktør for opplæring og kompetanse har ansvar for vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne. Vi har 42 vidaregåande skular, 1 fagskule, 1 folkehøg, 1 produksjonsskule. Det er i overkant 20000 elevar, meir enn 6000 lærlingar og 1800 vaksne i opplæring. Fagskulen har omlag 2000 studentar. Det er i overkant av 4500 tilsette i sektoren, av desse om lag 3000 pedagogisk personale.
Av omsyn til kjønnsbalanse i seksjonen vert menn oppfordra til å søke.
Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som oppdragsgiver, må det påreknasat andre oppgåve ved behov avhengig av kompetanse, erfaring, interesse og behov.
Arbeidsoppgåver
Juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan:Koordinere arbeidet med personvern i avdeling og sektor.
sikre og dokumentere behandlingsaktivitetane i avdeling/sektor
vurdere risiko og konsekvensar knytt til personopplysningar i avdeling/sektor
bidra til at det vert sett i gang og gjennomført naudsynte tiltak ved behandling av personopplysningar
Sikre at informasjonsplikta overfor den registrerte er oppfylt (bl.a. personvernerklæringar)
bidra ved handtering av avvik
bidra ved spørsmål frå den registrerte knytt til den registrerte sine rettar (innsyn, korrigering og sletting av personopplysningar og liknande.)
bidra ved implementering av overordna rutinar knytt til personvernregelverket i eigen avdeling/eining
Råd og rettleiing ved spørsmål i avdeling og sektor
Kvalifikasjonar
Krav om juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskapØnskjeleg med interesse for arbeid med personvern og GDPR
God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Positiv og omgjengeleg som personServiceinnstilt
Gode samarbeidsevner
Sterk på prioritering for å sikre levering innan fastsett frist
Vi tilbyr
Positivt og inkluderande arbeidsmiljø prega av rause kollegaer og godt humørEit stort fagleg fellesskap med ein variert, spennande og om omfattande portefølje Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Personvern, GDPR, Juridisk, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382805609
- Sist endret