Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 15.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar
Vil du jobbe med eigarskapsforvaltning, juridisk rådgjeving innan kulturpolitisk utviklingsarbeid, statstøtteavklaring, habilitet og innsynksrav?
Juridisk seksjon har som overordna ambisjon å dekke det aller meste av Vestland fylkeskommune sitt rettshjelpsbehov.
I dette ligg å synleggjere og tilby kompetent juridisk rådgjeving for heile Vestland fylkeskommune. Juridisk seksjon har eit stort juridisk miljø med 5 advokatar inkl. leiar og 10 juridiske rådgjevarar/seniorrådgjevarar.
Juridisk seksjon har også som mål å legge til rette for møtegjennomføring i folkevalde organ i samsvar med lov og reglement, samt at fylkeskommunen tar i vare sine oppgåve knytt til stortings-, kommune og fylkestingsval.
Det er ledig stilling som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar. Stillinga er lagt til Bergen eller Leikanger.
Av omsyn til kjønnsbalanse i seksjonen vert menn oppfordra til å søke.
Vestland fylkeskommune skal utvikle gode lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei som brukar våre tenester skal oppleve ei fylkeskommune med høg kvalitet.
Då juridisk seksjon har heile Vestland fylkeskommune som oppdragsgivar, vil oppgåve og ansvar kunne variere avhengig av kompetanse, erfaring, interesse og behov.
Arbeidsoppgåver
Juridisk rådgjeving og sakshandsaming innan:
Stillinga som no skal lysast ut vil ha fleire aktuelle arbeidsområde.
Oppgåve innan eigarskapsforvaltning, rådgjeving for avdeling for næring, plan og innovasjon og avdeling for kultur og folkehelse vil vere dominerande.
Dette vil til dømes vere:
- For avdeling for Organisasjon og økonomi er det juridiske spørsmål og arbeidsoppgåve innan eigarskapsforvaltning med utgangspunkt årleg eigarskapsmelding. Av andre oppgåve kan nemnast rådgjeving innan anskaffingar og innkjøp, rettslege spørsmål som knyter seg til fylkeskommunen som privat og offentleg rettssubjekt, mellom anna som avtalepart og arbeidsgjevar, kommunalrett, forvaltningsrett og offentleglova, samt arbeid med høyringsuttaler og førebuing av klager til den fylkeskommunale klagenemnda.
- For avdeling for Kultur og folkehelse er det juridisk rådgjeving innan kulturpolitisk utviklingsarbeid og tenesteproduksjon. Juridisk rådgjeving innan tilskotsforvaltning, lovheimla myndesutøving på kulturområde, tilskotsforvalting eller eigarstyring i høve dei store institusjonane.
- For avdeling for IKT og digitalisering vil det være juridisk rådgjeving og bistand særleg inn mot personvernombod og personvernrådgjevar. I tillegg vil det vere juridisk rågjeving knytt til saksbehandling og krav til journalføring, innsyn osv.
- For avdeling for næring, plan og innovasjon er det oppgåve knytt til kompetanseheving på saksflyt, politiske saker, forvaltningslov, kommunelov og anna knytt til dette. Avdelinga har planansvar og delegert oppfølging av plan og bygningslova. Juridisk rådgjeving innan statsstøtteavklaring, habilitet – styrebehandling, sakshandsamar, innsynskrav – vurdering ihht lov om offentleg innsyn, tolking av forskrift og regelverk for tilskotsordningar – ved eventuell usemje med t.d. staten, klagesaker med meir.
- Arbeidsoppgåve som møtesekretør for folkevalde organ samt arbeid med kommune- og fylkestingsval og stortingsval er også aktuelt.
- Då juridisk seksjon gir bistand til heile Vestland fylkeskommune, må aktuell kandidat rekne med oppgåve ut frå behov, kompetanse, erfaring og individuelle eigeskapar.
Kvalifikasjonar
Krav om juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskapØnskjeleg med interesse for fleire av dei aktuelle arbeidsoppgåvene
Ønskjeleg med noko erfaring.
Personlege eigenskapar
Positiv og omgjengeleg som personServiceinnstilt
Gode samarbeidsevner
Sterk på prioritering for å sikre levering innan fastsett frist
Vi tilbyr
Positivt og inkluderande arbeidsmiljø prega av rause kollegaer og godt humørEit stort fagleg fellesskap med ein variert, spennande og om omfattande portefølje Lønn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Jurist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Juridisk, Eierskap, Statsøtte, tilskotsforvaltning, innsyn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 382807269
- Sist endret