Bildegalleri
Bøker om og med språk og litteratur 1804-1918
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Eg sel ein del bøker om og med norsk-dansk, språk, litteratur og målføre, gitt ut mellom 1804 og 1918. Bøkene er stort sett tydeleg brukte, faste (med tre unnatak) og absolutt interessante:
a) Jacob Baden: Forelæsninger over det danske Sprog, eller resonnerer dansk Grammatik ---. Tredie og paa nye gjennemseete og forbedrede Opplag. Kiøbenhavn, 1804. 319 sider, heil, fast og fin!: 950,-
NB! b) M(aurits) .C. Hansen: Grammatik i det norske og danske Sprog. Tredie Oplag. Christiania 1828. Med namnetrekket Strøm. 112 sider, eit fint eksemplar: 600,- (dette kan vere ei lærebok fyrst gitt ut i 1822, det viktigaste er at det er ei tydeleg -norsk- lærebok!)
c) Anthologi over nyere norske Digtere. Chr. Tønsbergs Forlag, Christiania 1860. 207 sider, med bidrag av Wergeland, Welhaven, A. Munch, J. Moe, Landstad mfl. Helsing frå Magna og J. Wright til Elisabeth og Alfred Larsen. Gullskrift på rygg, bruksprega innbinding, flott innmat: 200,-
d) Jakob Løkke: Kort omrids af modersmaalets grammatik. Cappelen, Kristiania 1884. Attende oplag. 40 sider, laust fyrsteblad i innmaten, der det au står eit eigarnamn (Cappelen?): 80,-
e) (Nordahl Rolfsen) Norge. Norsk kalender. Jacob Dybwads Forlag, Kristiania 1895. Med bidrag av Garborg, Krohg, Aanrud, Thoresen, Caspari, Werenskiold mfl. Kjem frå ei større boksamling, pent brukt. 211 sider, 125,-
NB! f) Ivar Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge. Anden Udgave. Med et Tillæg af Dr. Amund B. Larsen. Cammermeyers Forlag 1899. 136 pluss 35 sider. Noko fargebleika rygg, nydeleg innbinding: 400,-
g) S. Br. Humblen: Norsk sproglære for folkeskolen. Skien 1906. 22 sider, med helsing frå forfattaren til Karl O. Humblen: 80,-
NB! h) Olaf Rygh: Gamle Personnavne i norske Stedsnavne. Efterladt Arbeide. Kristiania 1901 - trykt opp att av Børsums Forlag og Antikvariat i 1978. 357 sider. Eksemplaret har hatt ein eigar som har merka av/skrive merknader mange plassar i boka, og ho er trass i bruksspora fast, heil og -pent- brukt: 400,-
NB! i) Amund B. Larsen: Kristiania Bymål. Vulgærsproget med henblikk på den utvungne dagligtale. Utgitt av Bymålslaget.Kristoania 1907. Hefta, noko slarkete omslag, uspretta! 131 sider: 230,-
NB! NB! - dette skriftet er nok det sjeldneste i heile lista!: j) Tomas Rosing de Stockfleth: Heimattkomsten. (Or "Hermoder" 1798). Utgjeve med upplysningar um diktaren ved Anton Aure. Erik Gunleiksons Forlag, Risøyr 1918: 165,- Dette er av dei eldre dialektvisene vi har på gudbrandsdalsmål. (Sjølv skreiv eg hovudoppgpve i nordisk om ord frå vågåmålet som Edvard Storm skreiv ned på 1760-talet.) 24 sider. Omslag og innmat har skilt lag, men heftet er likevel fint!
Prisen i hovudannonsa er -snittprisen- på dei åtte av dei i alt ti bøkene i denne annonsa. Dei to eldste bøkene kostar 950 og 600 kr og dreg snittprisen altfor mykje opp! Desse åtte kostar frå 400 ned til 80 kroner. Eg sender bøker støtt og -berre- med Posten Noreg.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.12.2024, 01:00 ・ FINN-kode: 382996094