Kjemikar ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar
Helse Bergen
- Frist 12.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Kjemikar ved Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar - fast stilling
Det er ledig fast stilling som kjemikar (master eller PhD i organisk analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande) ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).
MBF er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg.
Vi utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har 18 medarbeidarar, dette inkluderer 6 kjemikarar og 3 fagbioingeniørar.
Analyserepertoaret består av analyse av >50 ulike legemiddel og >40 ulike rusmiddel. Det blir årleg analysert ca. 30.000 legemiddelanalysar og 25.000 rusmiddelanalysar. Dette er prøvar både frå sjukehuset sine pasientar og frå primærhelsetenesta.
Seksjonen har mellom anna 8 LC-MS/MS instrument, 3 LC-QTOF-MS instrument og 1 GC-FID instrument samt 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale. Alle analysane er utvikla ved seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av analysemetodar
- Metodeutvikling og validering
- Delta i seksjonen sin rutinedrift.
- Vere med å drifte og vedlikehalde seksjonen sine instrument
- Det kan vere aktuelt å utvikle nye metodar på same instrument
- Ein må pårekne å skrive prosedyrar og valideringsrapportar
- Opplæring og sertifisering av tilsette på seksjonen
- Det kan vere aktuelt å delta i prosjektarbeid og arbeidsgruppar på tvers i laboratoriet
- Andre oppgåver kan tilkome stillinga
Kvalifikasjonar
- Master eller PhD i organisk analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande
- Den som blir tilsett må ha erfaring frå arbeid med LC-QTOF-MS og/eller LC-MS/MS instrument og metodeutvikling for denne type instrument
- Erfaring med metodevalidering av farmakologiske analysar blir òg lagt vekt på
- Gode datakunnskapar er ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Utadvendt og engasjert
- God på kommunikasjon
- Målbevisst og strukturert
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Like varierte utfordringar
- Evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og konsentrert
- Positiv, hjelpsam, løysningsorientert og målretta
- Vise fagleg tryggheit, tillit og respekt
- Punkteleg, påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode gjennomføringsevner
Vi tilbyr
- Stillinga er ikkje tillagt vakter
- Løn etter avtale
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Geologi/Fysikk/Kjemi, Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kjemiker, kjemikar, laboratorieklinikken, Seksjon for lege- og rusmiddelanalyser
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383187460
- Sist endret