Rådgjevar innkjøp og avtalar
Sognekraft
- Frist 2025-01-06
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye nøkkelperson som innkjøpsrågjevar?
Er du klar til å spele ei nøkkelrolle i å forvalte store verdiar og ta smarte val som påverkar samfunnet? Likar du å byggje gode relasjonar? Då kan du vere den me leitar etter!
Sognekraft er eit energikonsern som skal vere ei drivkraft i Sogn. Me treng deg som ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og som kan styre innkjøp og avtaleoppfølging. Saman med konsernadvokaten blir du viktig i å gi råd innan innkjøp og avtaleforvaltning for bygging og drift av vasskraftverk, straumnett og fibernett. Klar for å gjere ein skilnad?
Arbeidsoppgåver
- Rådgje i anskaffingar frå behovet oppstår til avtalen er inngått. Dette inneber å planleggje anskaffingsprosessar, utarbeide strategiar, konkurransedokument og kunngjeringar.
- Bistå i forhandlingar, evalueringar og tildeling av kontraktar.
- Støtte og rådgjeving innan reglane for offentlege anskaffingar.
- Gi strategiske råd om avtalar basert på verdi og behov i konsernet, og rådgiving om prioriteringar for å maksimere gevinstar.
- Sørgje for at konsernet følgjer styringsinstruksane – alt frå å følge opp rapportering og vurdering av leverandørane sine prestasjonar, med mål om god økonomistyring.
Kvalifikasjonar
Du har høgare utdanning innan rettsvitskap eller økonomi. Relevant erfaring er ein fordel, og kan erstatta kravet til høgare utdanning.
Er du klar for ein jobb innan fornybar energi?
Du passar til jobben om du har du interesse for utfordrande kontraktar og innkjøpsavtalar, og ønskjer å finne dei gode løysingane med oss andre i konsernet.
Stillinga krev at du er initiativrik, jobbar effektivt, tek ansvar og er ein pådrivar. Du må også vere omgjengeleg med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Ta gjerne kontakt med konsernadvokat Tor Kvam Goksøyr på tlf. nr. 99259415 om du har spørsmål.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om arbeidsgiveren
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Dalavegen 25, 6856 Sogndal, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Jurist, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
rettsvitenskap, økonomi, innkjøp, kontrakt, avtale
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383225631
- Sist endret