Helsesekretær i Medisinsk klinikk
Helse Bergen
- Frist 22.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Helsesekretær
Medisinsk klinikk på Haukeland universitetssjukehus er ei stor seksjonert eining som har ansvar for utgreiing og behandling av pasientar med indremedisinsk sjukdom. Klinikken har seksjonar for blodsjukdommar, hormonsjukdommar, infeksjonssjukdommar, fordøyingssjukdommar og nyresjukdommar. Kvar seksjon driv døgnopne sengepostar i tillegg til dagbehandling og poliklinikk. Klinikken har og seksjonar for klinisk ernæring og sosionomteneste, som tener pasienter inneliggande og poliklinisk. I tillegg har Medisinsk klinikk stor forskingsaktivitet, driv utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande.
Seksjon for kontortenester i Medisinsk klinikk har ledig fem 100% faste stillingar som helsesekretær. Oppstart etter avtale.
Seksjon for kontortenester er ein eining med 32 årsverk og med mange spennande oppgåver. Det er stor variasjon i arbeidet og fleire oppgåver rullerer ein på. Helsesekretærane har dagleg kontakt med pasientar og pårørande og samarbeider tett med legar, pleiepersonell og andre yrkesgrupper i sjukehuset. Arbeidet inneheld mellom anna oppgåvene lista opp under. Andre oppgåver kan og bli aktuelle i takt med pågåande endringar og oppgåvedeling i sektoren.
Seksjon for kontortenester har ansvar blodprøvetaking på tre av klinikkens sengepostar og vil overta fleire prøvetakinsoppgåver i løpet av 2025. Aktuelle kandidatar for dei ledige stillingane må vere motivert og egna for pasientnære oppgåver, og det vil vere ein fordel å ha erfaring med blodprøvetaking. Ved ansettelse arbeidar ein kun kvardagar, på dagtid. Det kan imidlertid bli aktuelt med noko kveldsarbeid og helg på sikt, og aktuelle kandidatar må vere open for det.
Medisinsk klinikk prioriterar systematisk og tverrfagleg forbetringsarbeid. Helsesekretærane er ein viktig del av pasientforløpa og ein sjølvsagt del i forbetringsarbeidet i klinikken.
Vi søker deg som held fokus på pasienten i ein travel kvardag, som er engasjert i å betre tilbod og kvalitet, og som bidrar positivt til godt samarbeid og eit triveleg arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Varierte og spennande arbeidsoppgåver, mellom anna:
- Blodprøvetaking, både på sengepost og i poliklinikk
- Registreringar i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena) og elektronisk kurve (MEONA)
- Ulike pasientadminitrative oppgåver så som timetildeling, oppgjer, kodekontroll og anna ventelistearbeid, bestille pasienttransport, tolketenester, hotell oa.
- Arbeid både på sengepoost og i poliklinikk, inkludert telefoni og resepsjonsoppgåver
- Forbetring- og utviklingsarbeid i tverrfaglege team
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær
- God grunnleggande datakompetanse
- Må meistre norsk, både skriftleg og munnleg, og det er ein fordel med gode kunnskapar i engelsk
- Det er ein fordel med erfaring i blodprøvetaking
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Du møter menneske med respekt, er positiv og inkluderande
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du må like utfordringar, vere nysgjerrig og engasjert - og ta ansvar
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjoner med dei rundt deg, er fleksibel og løysingsorientert
- Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og halde deg roleg i stressande situasjonar
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver og triveleg arbeidsmiljø i eit spennande felt, med moglegheit for fagleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 5
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsesekretær, medisinsk klinikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383237049
- Sist endret