Strategisk innkjøpar Leikanger eller Bergen
Vestland fylkeskommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Strategisk innkjøpar Leikanger eller Bergen
Vestland fylkeskommune er mellom dei største offentlege oppdragsgjevarane i regionen, og søkjer strategisk innkjøpar til innkjøpsseksjonen. Kontorstad for stillinga er Leikanger eller Bergen.
Innkjøpsseksjonen har ansvar for samordning, oppfølging og utvikling av innkjøpsområdet i fylkeskommunen. I tillegg har seksjonen ansvar for tilrettelegging og bruk av IKT-verktøy i samband med innkjøpsverksemda. Seksjonen har totalt 20 medarbeidarar og er organisert i ei eining for operativt innkjøp, ei for strategisk innkjøp og ei for administrativ drift og utvikling. 15 av medarbeidarane har kontorplass i Vestlandshuset i Bergen sentrum og 5 har kontorplass i Leikanger, ein liten halvtime frå Sogndal med bil eller buss.
Eining for strategisk innkjøp arbeider primært med etablering og administrasjon av rammeavtalar, og gjennomføring av større einskildkjøp der beløpet er over 1,3 MNOK. Rådgjeving og leverandørutvikling er òg sentrale oppgåver. Eining for strategisk innkjøp har totalt 11 medarbeidarar.
Innkjøpsseksjonen er i ferd med å etablere ei gruppe som skal drive avtaleforvaltning og -oppfølging, og strategisk innkjøpar skal saman med avtaleforvaltar sikre ein god overføringsprosess når kontrakten skal gå frå anskaffing til forvaltning.
Arbeidsoppgåver
Til den ledige stillinga som seniorrådgjevar/rådgjevar søkjer vi deg som ønskjer å bidra til effektiv bruk av samfunnet sine ressursar gjennom å leie og kvalitetssikre innkjøpsprosjekt og -prosessar i samsvar med regelverket for offentlege anskaffingar. Dette omfattar å kartlegge marknaden og behova saman med brukarar/interessentar i Vestland, utarbeide konkurransegrunnlag og kontraktsforslag, analysere tilboda som kjem inn, gjennomføre forhandlingar, dokumentere tilrådd løysing, ferdigstille kontraktar og følgje opp desse.
Som tilsett i innkjøpsseksjonen vil du i det daglege arbeide operativt innafor innkjøpsområdet og vil i tillegg gje innkjøpsfagleg støtte og rettleie kollegaer i både eigen eining og i andre delar av fylkeskommunen.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært deg som har jobberfaring frå innkjøp eller prosjektleiing, gjerne i offentleg sektor. Vi vil vurdere innkomne søknader og kan også tilsette nyutdanna. Utdanning og jobberfaring vil avgjere om søkjar blir innplassert som rådgjevar eller seniorrådgjevar. Det må av fram av søknad om ein søkjer på stilling som rådgjevar eller seniorrådgjevar, og likeins kvar ein vil ha kontorplass.
Vestland fylkeskommune har ein politisk vedteken innkjøpsstrategi der m.a. sosialt ansvar, løns- og arbeidsvilkår, seriøsitetskrav, miljøvennlege og bærekraftige innkjøp, leverandøroppfølging, forhandlingar, kategoristyring, behovsanalysar, bruk av balanserte standardavtalar og personvern vert sett på som viktige element. Erfaring frå eitt eller fleire av desse områda vert sett på som positivt.
Utdanning:
- Ønskeleg med utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan økonomi, rettsvitenskap, samfunnsvitenskap eller liknande.
- Ved særskilte høve kan søkjarar med utdanning på bachelornivå bli vurdert. I slike høve kan søkjar bli innplassert som spesialkonsulent etter ei konkret vurdering av kvalifikasjonar og erfaring.
- Anna utdanning kan og vurderast.
Jobberfaring:
- Ønskjeleg med erfaring frå innkjøps- og prosjektarbeid.
- Nyutdanna kan og søkja.
Personlege eigenskapar
- Kommersiell teft.
- Gode samarbeidsevner.
- Analytiske og strategiske evner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Høg etisk standard.
- Evne til å arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Eit godt og utfordrande fagleg miljø med høgt tempo.
- Fagleg dyktige kollegaer med stort engasjement for faget og arbeidsplassen sin.
- Varierte arbeidsdagar med ulike oppgåver og utfordringar.
- Moglegheit for heimekontor inntil 2 dagar i veka.
- Kontorplass i rehabilitert fylkesbygg i Leikanger eller i nytt fylkesbygg i Bergen.
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsvilkår i tillegg til konkurransedyktig løn.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk og opplæring vert gitt om nødvendig.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Juridiske tjenester, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
procurement, logistikk, SCM, kontrakt, økonom
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383564233
- Sist endret