Rådgivar - koordinator for den fylkeskommunale PP-tenesta
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar - koordinator for den fylkeskommunale PP-tenesta
Vil du vere med å utvikle den fylkeskommunale pedagogisk- og psykologisk tenesta (PPT) inn i framtida?
Vi leitar etter deg som vil vere med å leie det viktige arbeidet med å få fleire unge til å fullføre vidaregåande opplæring. PP-tenesta i vidaregåande opplæring er ein viktig del av laget rundt eleven.
Som rådgivar for PP-tenesta får du ansvaret for å koordinere og utvikle det fylkeskommunale tilbodet. Du skal jobbe tett saman med dei kommunale og interkommunale PP-kontora og dei vidaregåande skolane.
Arbeidsoppgåver
I stillinga som koordinator vil du leie ulike arbeidsgrupper, følge opp handlingsplanar mellom PPT og skolane, og delta i nasjonale nettverk. Du vil ha ei rolle i saksbehandling av inntak av elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.
Ein del av stillinga vil også innebære å delta i prosjekt og samarbeidsfora som arbeider med læringsmiljø og kompetanseutvikling. Vidare vil du ha økonomisk ansvar for budsjett og utbetalingar til kommunane. Du vil også ha ansvar for å utarbeide avtalar og kravspesifikasjonar som regulerer ansvaret og oppgåvene til PP-kontora, og sikre at tenestene blir levert i tråd med desse.
Andre oppgåver innafor kompetanseområdet kan også bli tillagt stillinga.
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning frå høgskole/universitet, helst master
- spesialpedagogisk utdanning
- relevant erfaring frå spesialpedagogisk arbeid og helst administrativ erfaring
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne
Personlege eigenskapar
Vi søker etter deg som
- har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- er god på å bygge relasjonar og nettverk
- liker å samarbeide, dele og inkludere og tenker på tvers av fagområde
- har evne til å vere i omstilling, takle nye oppgåver, vere innovativ og sjå moglegheiter
- kan vere pådrivar for kvalitetsutvikling av tenestene som ligg til stillinga sitt ansvarsområde
- har eit positivt menneske- og elevsyn, og vere opptatt av enkeltmenneske sine rettar
Anna
Kontorstad for stillinga er i Molde
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Spesialpedagog, Veileder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
pedagogisk-psykologisk tjeneste, videregående opplæring, rådgiving, pp-teneste, saksbehandling
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383655104
- Sist endret