
Account Manager/Key Account Manager
Maritime Montering
- Frist 10.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med i Maritime Montering teamet
Maritime Montering er i vekst og søker Account Manager med fokus på skipsbygging og den maritime klynga på Sunnmøre/Nordvestlandet.
Arbeidsoppgaver
Du vil vere ansvarleg for å utvikle og implementere salsstrategiar, bygge sterke relasjonar med rederi, skipsdesign og verft. Du vil bli ein del av Maritime Montering sitt internasjonale salsteam der vi arbeider saman for å lukkast på tvers av konsernet.
Kvalifikasjonar
· Relevant høgare utdanning eller anna relevant erfaring
· 3-5 års erfaring i liknande stilling i maritim industri
· Eit godt nettverk i den maritime bransjen
· Erfaring med sal, kalkyle og forhandlingar
· Erfaring med bruk av AutoCad er ønskjeleg
· Fortruleg med bruk av engelsk i arbeidet
· God kulturell forståing
Kva vi tilbyr
· Eit godt arbeidsmiljø med spanande og viktige oppgåver i eit internasjonalt miljø
· Konkurransedyktige vilkår
· Kontorstad i Bygstad eller Ørsta med hybrid heimekontorløysing ved behov
· Karrieremulegheiter i ein dynamisk og internasjonal organisasjon
Om arbeidsgiveren
Om oss
Maritime Montering vart starta i 1981 og tel i dag meir enn 600 tilsette i 7 land. Selskapet driv innreiingsarbeid på skip og har produksjon i Polen og Kina. I 2023 omsette Maritime Montering for 440 MNOK og er ei solid og stabil familieeigd verksemd med røter i vestlandsk gründerskap.
Søknad:
Skriftleg søknad med CV sendast til hr@maritimemontering.com innan 10 januar 2025.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Vikegata 9, 6150 Ørsta
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Maritim og offshore, Shipping
- Stillingsfunksjon: Økonomistyring og budsjettering, Regnskap, Samfunnsøkonomi
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
account manager, key account manager, maritim, skipsbygging, verft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383793535
- Sist endret