Innfordringskonsulent
Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig stilling som innfordringskonsulent
Bjørnafjorden kommune har ledig100% fast stilling som innfordringskonsulent.
Stillinga ligg til rekneskapsavdelinga i kommunen og har totalt seks årsverk, og er ein del av økonomiavdelinga.
Rekneskapsavdelinga har ansvaret for kommunerekneskapen, rekneskapen til Oseana Kunst og kultursenter Bjørnafjorden KF og Os Idrettspark Bjørnafjorden KF, samt nokre mindre verksemder.
Arbeidsoppgåver
- Eigen inkasso kommunale krav
- Kundebehandling inkl. telefonkontakt.
- Registrering av innbetalingar i inkassosystem
- Bokføring
- Fakturering
- Kundereskontro oppfølging
- Oppfølging av krav hos tingretten og namsmannen
- Ta del i å vidareutvikle avdelinga sine rutinar og arbeidsprosessar
Kvalifikasjonar
- Du har utdanning på høgskulenivå og/eller arbeidserfaring innanfor fagområdet
- Du er robust og strukturert med evne til å få løyst innfordringssaker
- Det er en fordel om du har kjennskap til juridisk regelverk knytt til innfordring.
Det vil bli lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyrFaglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter avtale
Offentleg pensjonsordning.
Ein organisasjon med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontorarbeid, Økonomi og regnskap
Nøkkelord
Innfordring, kommune, økonomi, regnskap, stab
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383807387
- Sist endret