Rekneskapskonsulent
Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rekneskapsavdelinga søkjer ny medarbeidar
Bjørnafjorden kommune har ledig100% fast stilling som rekneskapskonsulent
Rekneskapsavdelinga i kommunen har totalt seks årsverk, og er ein del av økonomiavdelinga.
Rekneskapsavdelinga har ansvaret for kommunerekneskapen, rekneskapen til Oseana Kunst og kultursenter Bjørnafjorden KF og Os Idrettspark Bjørnafjorden KF, samt nokre mindre verksemder.
Arbeidsoppgåver
- Superbruker Visma Enterprise (økonomi, fakturering, e-handel, fakturabehandling)
- Elektronisk fakturamottak inkl. kontrollfunksjon
- Bokføring av hovudboksbilag (KOSTRA kontoplan)
- Import av Cremul filer
- Moms
- Avstemming av kontoar i balansen
- Årsavslutning og kvartalsavslutning av kommunerekneskapen
- Rådgjeving til leiing og einingar
- Ta del i å vidareutvikle avdelinga sine rutinar og arbeidsprosessar
Kvalifikasjonar
- Du har bachelor i økonomi og administrasjon eller er statsautorisert rekneskapsfører
- Har du relevant arbeidserfaring innan rekneskap kan det kompensera for krav til utdanning
- Vi søker etter deg som er strukturert, fagleg sterk og med stor arbeidskapasitet.
- Det er ein fordel om du har god IT-kunnskap og generell system-forståing.
Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi tilbyr- Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale
- Offentleg pensjonsordning.
- Ein organisasjon med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Konsulent, Kontorarbeid, Regnskap
Nøkkelord
regnskap, offentlig, stab, økonomi, administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383808054
- Sist endret