Miljøterapeut deltid
Bufetat
- Frist 03.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut deltid
Sandnes ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes kommune. Eininga ligg flott til i eit triveleg nabolag, og har nydeleg utsikt utover Sandnes og Stavanger. Me er ein omsorgsinstitusjon med to avdelingar og 4 plassar på kvar avdeling. Avdeling Minde 1 er for barn mellom 8 og 13 år, mens Minde 2 er for ungdom mellom 13 og 18 år. Det er 4 plassar på kvar avdeling. Begge avdelingane har eigne avdelingsleiarar.
Ved Sandnes ungdomssenter har me det siste året hatt ein spennande utvikling kor me har forsterka eininga vår med bemanning og kompetanse. Me har i denne prosessen implementert ny fagmodell; Omsorg- og endringsmodellen (OEM). Modellen bygger på kognitiv terapi og dialektisk åtferdsterapi (DBT). Avdelingane har eigne fagansvarlege miljøterapeutar som følgjer opp modellen i det daglege.
På avdeling Minde 1 har vi ledig ei stilling som miljøterapeut i 53,17 %. Stillinga er fordelt mellom 2-delt helgestilling og våken nattevakt. Ein jobbar fredag, lørdag og søndag kvar 4. helg i helgestillinga. I nattevaktstillinga jobbar ein torsdag, fredag, lørdag og søndag kvar 4. helg.
Hvis det er hensiktsmessig, kan ein dele opp stillinga slik at en får ei helgestilling i 25 %, og ei stilling som våken nattevakt i 28,17 %. Det kan verta ledig fleire deltidsstillingar.
Me søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med - og for barn.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta barna med god omsorg og trygge rammar gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
- Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga.
- Skriftleg dokumentasjon i samband med dagleg loggføring i Birk og anna skriftleg dokumentasjon.
- Noko kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
- Daglige oppgåver på avdelinga.
- For helgestillinga: Følgje opp barna og ta de med på aktivtetar og gje dei gode opplevelsar.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (bachelor sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast.
- Kandidatar med påbegynt sosialfagleg høgskuleutdanning og relevant erfaring kan og søke.
Me ser etter deg som
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Har førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
- Du rommar barna og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutiner.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 - 594 500 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 524 700 - 624 500 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 394 100- 454 500, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 - 487 800 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 - 502 300.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Du vert del av ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe som tek vare på kvarandre.
- Vi vil tilby deltaking i avdelingsmøte minimum ein gong i månaden, på dagtid onsdagar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sandnes ungdomssenter, avdeling Minde 1.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Mindeveien 8, 4327 Sandnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnevern, Barnevernspedagog, Miljøterapeut, Deltid, Bufetat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383810491
- Sist endret