Prosjektleiar
Helse Vest IKT
- Frist 5.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Ta ei leiande rolle innan helseinnovasjon
Helse Vest har kome langt i sin IT-revolusjon med innføring av nye system, konsolidering av systemporteføljen og digitalisering av arbeidsprosessane. Vi har likevel mange spennande og utfordrande oppgåver framfor oss. Prosjekta i Helse Vest sin portefølje har ulik storleik og kompleksitet og omfattar både nasjonale, regionale og lokale satsingar på klinisk og administrativt område. Vi treng engasjerte prosjektleiarar som kan leie an i dette arbeidet.
Våre prosjektleiarar må ha fokus på kvalitet for pasientar og tilsette i helseføretaka, og samstundes levere innanfor avtalt tidsrom og kostnad.
Som prosjektleiar må du evne å lytte til og oppfatte behov, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane. Du må vere dyktig til å ta avgjersler - og ikkje minst smidig nok til å kunne leie eit prosjekt som endrar kurs når upårekna forhold dukkar opp.
Vi ser etter nokon med erfaring og kunnskap om metodar innan prosjekt/-utviklingsarbeid som reduserer tida frå brukarbehov oppstår til løysing er på plass. Gode brukaropplevingar er ei viktig målsetting i våre løysingar.
Prosjektleiarseksjonen i Helse Vest IKT har over 30 tilsette, og er såleis eit av dei største kompetansemiljøa innan prosjektleiing på Vestlandet. For oss er det eit viktig mantra å spele kvarandre gode, og vi er stolte av eit inkluderande miljø som jobbar for det felles beste og ei berekraftig helseteneste.
Er du ein dyktig og engasjert prosjektleiar som vil løfte eit viktig samfunnsoppdrag vidare? Hos oss vil ditt arbeid kunne skape stor verdiar for eit stort tal menneske, kvar dag.
Kandidatar vert vurderte etter kvart som dei søkjer. Arbeidsstad er i Bergen eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver
- Leie ulike prosjekt og endringsarbeid mot neste generasjons IKT-løysingar i Helse Vest
- Vere med å påverke verksemdsutviklinga og IKT-løysingane gjennom di erfaring og ditt engasjement
Kvalifikasjonar
- Spesialistutdanning, primært innen IKT, med bachelor eller mastergrad
- Erfaring frå leiing av store IKT-prosjekt i større organisasjonar
- Kunnskap om produkttenking og -utvikling
- Erfaring frå samarbeid med eksterne leverandørar
- Erfaring frå kontraktsoppfølging
- Erfaring frå prosjekt knytt til utviklings- og endringsleiing
- Erfaring frå innføring av systemløysingar
- God kjennskap til moderne rammeverk for utviklings- og endringsarbeid, og tilhøyrande verktøy
- Evne til arbeid i grenseflata mellom teknologi- og brukarmiljø
- Kjennskap til helsesektoren er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode prosjekt- og teamleiareigenskapar
- Du er strukturert, systematisk, nøyaktig og resultatorientert
- Evne til å halde kurs mot målet
- Evne til å arbeide «smidig»
- Fokus på å skape gode brukaropplevingar
- Evne til å motivere og følje opp
- Gode samarbeidsevner
- Initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk
Vi tilbyr
- Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faglege samlingar og kurs
- Engasjerte kollegaer
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
- Vi elskar å sjå kvarandre på det nye hovudkontoret vårt på Kronstad X i Bergen, eller dei flotte lokala våre i Innovasjonsparken like ved det nye sjukehuset på Ullandhaug. Å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for god balanse mellom jobb og fritid
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Produktledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleder, prosjektledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383832643
- Sist endret