Kjøretøykontrollør Bergen
Statens vegvesen
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Kjøretøykontrollør Bergen, tunge kjøyretøy
Er du den vi ser etter?
Vi søker etter køyretøykontrollør i Bergen, med Bergen trafikkstasjon som arbeidsstad.
Som kontrollør hos oss vil du få jobbe med viktige samfunnsoppgåver. Dette er ein jobb for deg som er bilinteressert og som liker kombinasjonen mellom teknisk kontroll og saksbehandling. I stillinga vil du forvalte lover og forskrifter i direkte dialog med kunden. Du må derfor sjå på det som ei positiv utfordring å jobbe innanfor eit felt der myndigheitsrollen skal kombinerast med tenesteyting og god kundebehandling. Evne til å sette seg inn i, og forvalte regelverk, er vesentleg. Forståing av eigen person og åtferd i myndigheitsrolla er sentral.
Les mer om Trafikant og kjøretøy- divisjonen her: Gjør en viktig jobb for trafikksikkerheten (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/gjor-en-viktig-jobb-for-trafikksikkerheten/)
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du få arbeidsoppgåver innan:
- Teknisk kontroll av tunge og lette køyretøy i hall
- Hallkontroll av køyretøy til ADR-transport (transport av farleg gods)
- Saksbehandling innan køyretøyområdet
Det vil også være mogleg på sikt å kunne få arbeide med andre typar oppgåver innanfor køyretøyområdet, for eksempel utekontroll av lette køyretøy og etterforsking av trafikkulykker.
Kompetansekrav
Du må ha:
- fagbrev som bilmekanikar innan tunge køyretøy. Alternativ utdanning kan være fagbrev som mekanikar innan anleggsmaskin og landbruksmaskin
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B og oppfylle krav for å utvide til dei resterande klassane
- god datakunnskap
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Vi søker deg som er:
- god på kommunikasjon, løysningsorientert og positiv
- samarbeidsvillig og initiativrik
- sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
Det er ein fordel om har erfaring innan arbeid med køyretøy og kundebehandling.
Det er ein føresetnad at du har plettfri vandel. Vi vil legge stor vekt på at du er personleg egna for stillinga.
Den som vert tilsett må gjennomføre etatens modulbaserte opplæring. Dette er ein kombinasjon av samlingsbasert opplæring og e-læring med praksisveiledning på eigen arbeidsplass i tillegg. Det vil forekomme noko reise og forskjøvet arbeidstid, men kun etter avtale.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Krav til søknaden
Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.
Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Heiane 4, 5131 Nyborg
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Mekaniker, Teknisk personell
Nøkkelord
bilmekaniker, tunge kjøretøy, saksbehandling, kundebehandling, regelverk
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383851474
- Sist endret