Rådgjevar/ seniorrådgjevar fisk, vatn og vassdrag
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/ seniorrådgjevar fisk, vatn og vassdrag
Om stillinga
Statsforvaltaren i Vestland har ledig stilling i miljøavdelinga, innan fiske- og vassdragsforvaltning i naturmangfaldsseksjonen. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 42 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen. Statsforvaltaren skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi har ei viktig rolle i å sikre at vassdrag og anadrome fiskebestander blir forvalta på ein berekraftig måte, og at regler og forskrifter på område blir etterlevd. Andre oppgåver kan bli aktuelle, alt etter kva oppgåver som til ei kvar tid er prioriterte og kompetansen til den som blir tilsett.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver innan fiske- og vassdragsforvaltning, blant anna knytt til anadrom laksefisk, inngrep i vassdrag og kantvegetasjon.
- Gje innspel i plan-, klima-, og energi- og vassdragssaker.
- Kunnskapsformidling, rettleiing og samarbeid med grunneigarar, organisasjonar og andre etatar.
- Bidra i oppfølging av vassforskrifta og i ulike prosjekt.
Kvalifikasjonar
- Mastergrad innan naturvitskapelege fagområde med fisk i fagkretsen. Særleg relevant erfaring kan unntaksvis erstatte krav om mastergrad.
- Det er ein fordel med relevant erfaring frå offentleg naturforvaltning, gjerne innan fisk, vasskraft, plan, vassforvaltning, klima eller naturbaserte løysingar.
- Erfaring frå prosjektleiing tel positivt.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
- Fleksibel og positiv innstilling til til å arbeide med ulike oppgåver innan miljøfeltet
- Omgjengeleg i samarbeid med andre
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta initiativ og gjennomføre oppgåver og prosjekter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeida etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog, Kontor og administrasjon, Vassdrag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383851646
- Sist endret