Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
- Frist 27.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Ferievikarar
Vil du vera med på laget vårt i sommar og gje gode tenester til innbyggjarane våre?
Dette er ein sommarjobb der du kan utgjera ein forskjell i kvardagen til dei som treng våre tenester. Om du kan gje oss av di arbeidsglede, engasjement og vilje til å lære nytt, set vi pris på det. Du vil få verdifull arbeidserfaring og kjennskap til arbeid innan helse og velferd. Spesielt ønskjer vi deg som har kunnskap om / erfaring med helsearbeid. Vi skal ta godt imot deg.
Vi treng ferievikarar for perioden 16.06 - 24.08.2024 (veke 25 - 34). Det er ønskjeleg at du skriv i søknad om det er nokre veker du ikkje kan jobbe. Om du har spesielle ønskje for arbeidsstad, kan du krysse av for dette i søknadsskjema.
Du inngår i turnus og arbeider saman med andre tilsette som vil gje deg god opplæring.
Det kan òg vera mogleg med fast helgestilling og/eller ekstravakter utanfor ferieperioden.
Vi treng deg som vikar hos oss innan:
- Heimeteneste
- Sjukeheim / omsorgsbustad med heildøgns teneste
- Øygarden lokalmedisinske senter
- Avlastingsbustad barn og unge
- Bufellesskap / dagsenter for menneske med nedsett funksjonsevne
- Produksjonskjøkken (Kvednatunet, Fjell sjukeheim, Tednebakkane, Sundheimen)
- Reinhald (Kvednatunet)
Arbeidsoppgåver
- Assistentoppgåver innan helse og omsorg, tilpassa utdanning og erfaring
- Assistentoppgåver innan kjøkken og reinhald
- Du inngår i turnus og arbeider saman med andre tilsette som vil gje deg god opplæring
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med utdanning eller studiar innan relevant fagområde, eller at du planlegg å studere relevante fag
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid innan helse og velferd
- Du er nøyaktig, motivert og viser respekt
- Du liker å legga til rette for at andre skal ha ein god kvardag
- Du lyttar til råd og er flink til å følgja rutinar på arbeidsplassen
- Du er sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga
Anna
- Du må vera 18 år
- Politiattest må leggast fram før tilsetjing
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar til heimeteneste må ha førarkort for bil
Vi tilbyr
- Ein kjekk sommarjobb som vil gje deg verdifull kunnskap og erfaring innan helse og velferd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Studentavløning: Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent eller legestudent, vert du løna slik: 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn, 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn, 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn. Du må dokumentere kor langt du er komen i studiet.
- Reisestipend: Er du student busett i annan kommune, og får ferievikariat med oppmøte utanfor Straume, betaler vi eit reisestipend på kr 2.500 pr månad. For kortare periode enn 1 månad vil beløpet bli justert tilsvarande.
Har du spørsmål om stilling, arbeidsplass eller tilsettingsprosess, finn du kontaktinfo nedanfor.
Tenestestadar og kontaktinformasjon:
Avlastingsbustader barn og unge, Straume, Skogsvåg og Rong. Barn og unge med særskilde behov.
Monica Førde Landro: 95808536,
Bufellesskap / dagsenter til menneske med nedsett funksjonsevne, Straume, Skogsvåg og Rong. Bufellesskap og dagtilbod. Vi har alternative turnusordningar, til dømes langvaktsturnus og døgnturnus.
Kristin Straume: 99799526,
Heimetenester, Skogsvåg, Straume og Ågotnes. Heimesjukepleie og heimehjelp til heimebuande.
Kate Samland Løland: 95071121,
Marianne Våge Berland: 90159103,
Fjell Sjukeheim, Straume. Pasientar langtidsopphald, korttidsopphald og avlastning. Eige produksjonskjøkken.
Eivind Flem: 47799173,
Kvednatunet, Ågotnes. Heim for 40 menneske med demensdiagnose som treng heildøgnsomsorg, fordelt i fire bufellesskap.
Ingrid-Alice Ingebrigtsen: 55096212 / 97537243,
Straume bu og servicesenter, Straume. To bufellesskap for eldre og eit bufellesskap for utviklingshemma. Dagavdeling og omsorgsbustader med 28 husvære.
Helen Ågotnes: 56160440,
Sundheimen, Skogsvåg. Sjukeheim, somatisk og demensavdeling. Dagtilbod og eige kjøkken.
Janne Thode: 45044569 / 56339720,
Tednebakkane omsorgssenter, Rong. Somatisk, demens og ekstra skjerma avdeling. Dagtilbod og eige kjøkken. Ingeborg Tovås: 91629522 / 56382353,
Øygarden lokalmedisinsk senter, Straume. Korttidsplassar og augeblikkeleg hjelp (ØH).
Tonje Tangen Alvsvåg: 55097220 / 99700857,
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 20
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell, Sykepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeider, ferievikar, student, assistent, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383861629
- Sist endret