Prosjektkoordinator
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist 03.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektkoordinator
Om stillinga
Er du flink til å administrere og god på å halde oversikt? Trivast du med formidling, planlegging og gjennomføring? Då kan du hjelpe oss å gjere Noreg til verdas mest digitaliserte land. Saman med EU skal vi byggje verdas mest moderne eID-infrastruktur i åra som kjem. Digdir speler ei viktig rolle i innføringa av store og viktige forordningar som eIDAS 2.0 og Single Digital Gateway. Dette gjer vi gjennom nasjonale innføringsprosjekt og gjennom deltaking i europeiske storskalapiloter. For å løyse desse oppgåvene treng vi å sikre at norsk og europeisk offentleg forvaltning og næringsliv arbeider saman om innføringa av desse.
Difor søkjer vi no etter ein prosjektkoordinator som skal hjelpe oss å sikre god informasjonsflyt mellom aktørane som medverkar og interessentene som vert påvirka. Hjå oss får du ein variert og spanade arbeidskvardag. Saman med engasjerte og kompetente kollegaer skal du vere ein pådrivar for ein enklare digital kvardag for både innbyggjarar og næringsliv i Noreg.
Arbeidsoppgåver
- Koordinere møter, skrive referater, ha oversikt og halde orden
- Lage utkast til notatar og rapporter, følgje opp rapportering og kommunisere vidare
- Bidra til å løyse administrative og ad-hoc oppgåver knytt til fagområdet
- Ta del i informasjonsarbeidet, lage informasjonsbrev og nyheitssaker
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av interessentfora, nasjonale og internasjonale aktørfora og andre relevante større møter og arrangementer
Kvalifikasjonar
Du har
- Relevant utdanning ved universitet eller høgskule
- Erfaring frå liknande arbeid eller god kjenskap til internasjonale samarbeid
- Erfaring frå eller kjennskap til offentleg sektor
- Kompetanse på digitale verktøy slik som Microsoft 360, PowerBI, Sharepoint eller liknande
- Gjerne kjennskap til prosjektleiing og styring og rammeverk som prosjektvegvisaren, Prince o.l.
- Gode framstillingsevner både skriftleg og muntleg på norsk og engelsk
Personlege eigenskaper
- Du tek initiativ og utviklar arbeidsoppgåvene saman med kollegaene dine
- Du er sjølvstendig og tek ansvar for å få jobben gjort
- Du er strukturert og har ei systematisk tilnærming til oppgåver
- Du er god på å setje deg inn i nye problemstillingar og formidle desse vidare
- Du kommuniserer klart og tydeleg
Vi legg sterk vekt på at den vi tilset er personleg egna i tilleg må du kunne sikkerhetsklareres på nivå HEMMELIG
Vi tilbyr deg
- arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- lønn etter avtale som førstekonsulent/ rådgjevar
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
- Attraktiv kombinasjon av kontor og hjemmekontor
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
Seksjonssjef Jon Håkon Odd
E-post: jonhakon.odd@digdir.no
Telefon: 47706922
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå HKDir. Tidligare NOKUT (http://www.nokut.no).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
Om arbeidsgiveren
Digdir er underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Direktoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd. Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor.
Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag. Les meir om Digdir på våre nettsider Digdir.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Koordinering, Kundeservice
Annonseinformasjon
- FINN-kode 383878530
- Sist endret