120 kr

Dina har arva den eigenskapen frå mora som gjer at alle må frykte henne: Berre med blikket kan ho få folk til å tilstå kriminelle handlingar. Når Skammaren blir kalla til Dunark-borga der den vonde fyrst Drakan herskar, må Dina kome mora til unnsetning. Heller enn å spele helt, ønskjer Dina eigentleg å vere heilt vanleg slik som den eldre broren Davin, men det går ikkje når ein er Skammarens dotter og har fått auge som ingen vanlege menneske tør sjå inn i.
Dette er første bok i den intenst spennande Skammar- serien, som no erobrar 10-14-årige fantasy-elskarar i land etter land. Det er fire titlar i serien, og dei to som kom på norsk våren 2003 er Skammarens dotter og Skammarteiknet. I 2004 kjem Slangens gåve og Skammarkrigen.
«Den eneste bog der er lige så god som Harry Potter og Ringenes Herre,» skriv ein dansk lesar i BogGuide om serien.
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innSist endret: 5.2.2025 kl. 20:42 ・ FINN-kode: 383885467