Funksjonsleiar
Helse Fonna HF
- Frist 22.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Funksjonsleiar
Vil du vere vår nye funksjonsleiar på nevrologisk avdeling?
Nevrologi er ein eigen eining i Medisinsk klinikk på Haugesund sjukehus. Her finn du poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 14 senger. Faggruppa vår består av engasjerte legar, sjukepleiare, helsefagarbeidare og merkantile. I tillegg har me ein logoped som bidreg til vårt tverrfaglege tilbod.
Me søkjer no etter ein engasjert funksjonsleiar som vil ha det totale ansvaret for sengeposten. Det betyr ansvar for personal, fag og økonomi. Som funksjonsleiar vil du spele ei sentral rolle i å sikre god arbeidsflyt og effektiv drift av avdelinga.
For å lykkast i rolla, ser me etter deg som:
- Er løysingsorientert og evnar å finne gode løysingar i ein hektisk kvardag.
- Jobbar sjølvstendig og systematisk.
- Har evne til å inspirere og skape eit godt arbeidsmiljø.
- Har leiarerfaring eller eit sterkt ønskje om å utvikle deg som leiar.
Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø, faglege utviklingsmoglegheiter og eit godt tverrfagleg samarbeid.
Vil du vere med på laget? Søk no!
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar
- Planlegge døgndrift/turnusplanlegging
- Utnytte ressursar effektivt
- Fremme gode samarbeidsrelasjonar og informasjonsflyt
- Bidra aktivt til godt arbeidsmiljø
- Være ein god ressurs i leiargruppa
Funksjonsleiar er næraste leiar til pleiepersonell på sengepost og rapporterer til avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Bachelor sjukepleie
- Erfaring med Dips Arena/GAT kan være fordelaktig
- Erfaring frå spesialisthelsetenesta
- Leiarerfaring kan være fordelaktig
Personlig egnethet vektlegges
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- høg arbeidskapasitet
- fleksibel
- god på logistikk
- god på å samarbeide
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- God opplæring
- Mulighet til å påverke utvikling og kvalitet i pasientbehandlinga
For å kunne vurdere førerett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Leder, Sykepleier, Nevrologi, sykehus, Haugesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384291909
- Sist endret