Fagstilling bioingeniør
Helse Bergen
- Frist 31.12.2024
- Ansettelsesform Fast
Fagstilling bioingeniør
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. I tillegg kjem forsking, avansert celleterapuetiske produksjon, og blodberedskap. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søkjer etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Ved avdelinga er det no ledig tre faste stillinger som fagbioingeniør. Den eine stillinga er er knytt opp til Seksjon for Immunhematologi, stillinga er vaktstilling med turnusarbeid (dag, kveld, natt og helgar), 35.5 timer pr. veke. Dei to andre fagstillingene er knytt opp mot Seksjon for Flowcytometri. stillingene er dagstilling og ein må delta i beredskapsvakter på ettermiddag/helg/helligdag, 37,5 timer pr. veke.
I stillinga som fagbioingeniør vil ein ha varierte og utfordrande arbeidsoppgåver knytt opp mot kvalitetsarbeidet ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Problemløysar innafor sitt fagområde, og eventuelt i samarbeid med andre
- Vere ein pådrivar i dagleg drift av seksjonen og tilhøyrande arbeid
- Opplæring av medarbeidarar og studentar
- Bidra til vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar og EK ansvarleg for prosedyrar tilknytta ansvarsområdet
- Kvalitetsarbeid knytta til fagområdet, inkludert oppfølging av interne og eksterne kvalitetskontrollar
- Halde seg oppdatert om utviklinga innan sitt spesifikke fagområde
- Lageransvarleg som i tett dialog med seksjonsleiar sørger for at bestilling av varer blir gjort
- Blodprøvetaking
- På seksjon for Immunhematologi vil fagstillinga vere knytt opp mot Testcelleproduksjon som følger standard ISO 13485 og CE-godkjenning
- På Seksjon for Flowcytometri må man bidra til vedlikehold av instrumentpark, samt sørge for at nødvendige kontrollar blir utført etter service
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Du må kunne meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel med minimum to års erfaring frå seksjonen
- Excel er eit verktøy som nyttast og god kjennskap til dette er ein fordel
- Erfaring med opplæring av personell er ein fordel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Evne til og jobbe sjølvstendig, målretta og med fleire arbeidsoppgåver samtidig
- Løysings- og utviklingsorientert
- Systematisk og ryddig
- Evne til raskt å sette seg inn i problemstillingar og vere fleksibel
- Gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- Ha evne og ønske om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
- Ta initiativ og bidra til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
- Høg arbeidsmoral, punktlighet og ansvarsbevissthet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg miljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Haukelandsbakken 5009, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, fasgstilling, laboratorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384299260
- Sist endret