Fagansvarleg økonomi
NAV
- Frist 05.01.2025
- Ansettelsesform Fast
Spennande stilling som fagansvarleg innanfor økonomi
Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for gjennomføringa av arbeids- og velferdspolitikken i Vestland, med styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret er lokalisert i Bergen med 45 tilsette, fordelt på fire avdelingar; økonomi og analyse, partnarskap og kommunikasjon, HR og organisasjon og fag og tenester. I 2024 var Nav Vestland sitt driftsbudsjett 670 millionar kroner.
Økonomiteamet inngår i ei avdeling med til saman 13 tilsette. Teamet spelar ei sentral rolle i økonomioppfølginga i Nav Vestland og bidreg til å sikre effektiv bruk av tildelte midlar til det beste for våre brukarar. No har vi ledig stilling som fagansvarleg for økonomiteamet, og vi ser etter ein fagleg sterk og løysingsorientert økonom.
Fagansvarleg økonomi får eit breitt ansvarsfelt med spennande og varierte oppgåver innan økonomistyring, budsjettfordeling, rekneskap, rapportering og prognosearbeid i Nav Vestland. Ein stor og sentral del av jobben er leiarstøtte i økonomiske spørsmål, både til fylkesleiinga og dei ulike Nav-kontora i fylket. Hos oss får du jobbe i nye og oppdaterte økonomisystem. Vi ser etter deg som brenn for digitale løysingar og vil være ei drivkraft i å nytte systema på best mogeleg vis.
Hos oss får du innhaldsrike og utviklande arbeidsdagar i ein organisasjon som aldri står stille!
Sentrale ansvarsområde og arbeidsoppgåver
- Ansvar for budsjettering og driftsrekneskap, oppfølging, rapportering og prognosearbeid
- Planlegge, fordele og presentere budsjett til regionane og lokalkontora i Nav Vestland
- Leiarstøtte og opplæring på økonomifeltet til leiarane i Nav Vestland
- Analysearbeid, vurderingar og anbefalingar til fylkesleiinga
- Oppfølging av fristar og rapportering
- Utarbeide prognoser
- Forbetring av oppgaveflyt og prosessar
- Sikre kontinuerleg kvalitetsforbetringar i økonomiarbeidet
- Delta i ulike arbeidsgrupper og utviklingsprosjekt for økonomifeltet i Nav
Kvalifikasjonar
- Økonomiutdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Minst to år med erfaring frå budsjettarbeid og økonomistyring
- God systemforståing og gode digitale ferdigheiter frå økonomiverktøy
- God erfaring frå Excel
Det er og ein fordel om du har:
- erfaring frå å jobbe tett opp mot leiarar og drive med opplæring og formidling
- erfaring frå offentleg sektor eller store og komplekse verksemder
- erfaring med bruk av økonomisystem, fakturasystem, bestillingssystem og statistikkverktøy
- erfaring med visualiseringsverktøy som til dømes Tableau og PowerBI
- kjennskap til Lean som forbetringsmetodikk
Kva ser vi etter hos deg?
Stillinga som fagansvarleg økonomi inneber mange kontaktpunkt i organisasjonen, og vi ser derfor etter ein person med god relasjonskompetanse og som trivst i kontakt med menneske. Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, er viktig i tillegg til interesse for å bruke visualiseringsverktøy i formidling. Ein annan sentral eigenskap er evna til å formidle og fremme økonomisk forståing på ein pedagogisk og lettfatteleg måte til både leiarar, leiargrupper og tillitsvalde.
Stillinga vil få ansvar for analyse, prognosar og forbetringsarbeid. For å lykkast i rolla bør du ha eit analytisk tankesett, og bli motivert av å finne nye løysingar og forbetringar. På fylkeskontoret jobbar vi tett saman på tvers av fagområde. Hvis du trivst med samarbeid og bidreg til eit godt samarbeidsklima, vil du passe inn hos oss.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Lønn som seniorrådgivar i stillingskode 1364 med bruttolønn frå kr. 750 000 til kr. 820 000 pr. år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Om arbeidsgiveren
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Rådgivning, Fagansvar, Økonomistyring, Budsjettering, Analyse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384327077
- Sist endret