Ingeniør/Sivilingeniør - byggeteknikk
Mulvik AS
- Frist 8.1.2025
- Ansettelsesform Fast
Ingeniør/Sivilingeniør - byggeteknikk
Du vil bli ein del av eit sammensatt team av ingeniørar der mange har lang og breid erfaring. Prosjekta spenn seg frå konstruksjonsteknisk prosjektering i alle fasar – frå tidlegfase til detaljprosjektering og byggefase med oppfølging på byggeplass. Du vil jobbe med alle typer bygg og konstruksjoner.
Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:
· Analyser, dimensjonering og modellering av stål-, tre- og betongkonstruksjonar
· Utarbeiding av produksjonsunderlag for utføring
· Detaljprosjektering og utarbeiding av anbodsdokument og tilbodsførespurnad
· Tilstandsanalyse og rehabilitering.
· Uavhengig kontroll
Vi ser etter personer med minimum 2 års relevant erfaring. Nyutdanna oppfordrast likevel til å søke. God kjennskap til Revit er ein fordel. Vi legg vekt på at du er ansvarsfull, sjølvstendig, heilhetstenkande, har gode samarbeidsevne og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
I Mulvik AS får du:
· Stor fagleg utfordring i store og små prosjekt
· Fokus på personal- og kompetanseutvikling
· Gode lønns- og tilsetjingsvilkår
· Fleksibel arbeidstid
· Godt arbeidsmiljø med kjekke og dyktige medarbeidarar
Arbeidsstad: Volda eller Stryn
Ynskjer du meir informasjon om stillinga ta kontakt med Bjørn Egil Espenakk på telefon 908 95 808. Søknad med CV sendast til bee@mulvik.no eller pr post til Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda
Om arbeidsgiveren
Mulvik er eit rådgivande ingeniørforetak som tilbyr tenester innanfor prosjektering av bygg- og anlegg, kommunalteknikk, prosjekt- og byggeleiing, landmåling, planarbeid, og taksering. Foretaket vart skipa i 1972 av Ing. Per Mulvik. Foretaket har i dag 17 fast tilsette. Mulvik AS held til i Volda sentrum på Søre Sunnmøre. Vi har avdelingskontor i Stryn, Ulsteinvik og Nordfjordeid. Vi brenn for å løyse komplekse utfordringar og for å skape resultat av høg kvalitet.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Holmen 7, 6100 Volda
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, sivilingeniør, konstruksjonsteknikk, byggeteknikk, betongkonstruksjoner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384341824
- Sist endret