Jordmor
Helse Fonna HF
- Frist 16.12.2024
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søker jordmor
Vi søker jordmor til Stord sjukehus – bli ein del av vårt trivelege og dedikerte team!
Er du ein jordmor med engasjement for både fødselsomsorg og gynekologi? Ved Stord sjukehus kan vi tilby ein spennande og variert arbeidskvardag i vår kombinerte føde-, barsel- og gynekologiske avdeling med poliklinikk.
Seksjonen vår har om lag 400 lågrisikofødslar i året og 5 gynekologiske senger. Her jobbar vi i eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø der ingen dagar er like. Hos oss vil du oppleve glede og meistring i ei til tider travel, men givande avdeling, med eit sterkt fokus på kvalitet og omsorg for våre pasientar.
Som jordmor hos oss kan du forvente ein variert arbeidshverdag som inkluderer føde, barsel og gynekologi. Vi legg stor vekt på god opplæring og sørger for at du får støtte frå våre erfarne kollegaer. Arbeidsmiljøet vårt er tverrfagleg og prega av eit sterkt fokus på samarbeid og fagleg utvikling, noko som gir gode moglegheiter for både personleg og profesjonell vekst.
Stillinga er tredelt og inkluderer helgearbeid. Andre stillingsstorleikar kan bli aktuelle, så skriv gjerne i søknaden om dette kan vere av interesse for deg.
Viktig informasjon: Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar til jordmorstillinga, vurderer vi å tilsette sjukepleiar i stillinga.
Bli med oss og bidra til å gje framtidige familiar ei trygg og god start på livet. Søk no!
Arbeidsoppgåver
- Vi selekterer i forhold til normal- og risikofødslar i avdelinga. Som jordmor får du hovudansvar for normale fødslar.
- Sjukepleie og omsorg til gynekologiske pasientar er også del av oppgåvene.
- Tverrfagleg samarbeid er viktig for god kvalitet på vårt arbeid.
- Studentrettleiing er også ei naturleg oppgåve i avdelinga, då vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor
- Relevant sjukehuserfaring
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- ein som trives med ein variert og travel arbeidskvardag
- fleksibel, ansvarsbevisst og har eit stort hjarte for kvinner og familiane deira i ein viktig livsfase.
- god på å organisere og prioritere
- omsorgsfull og pasientfokusert
- trygg og sjølvstendig
- god på tydelig og respektfull kommunikasjon
- er god på å vise forståing for ulike behov til den enkelte pasient
- ein god lagspelar i eit tverrfagleg miljø
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tysevegen 62, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Jordmor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Jordmor, Sykepleie, Gynekologi, Fødsel, Stord
Annonseinformasjon
- FINN-kode 384430774
- Sist endret